
Disiplinleiar
Ei koordinerande rolle som skapar samanheng mellom fag, folk og framdrift.
Kva gjer ein disiplinleiar i Ulstein?
Som disiplinleiar i Ulstein er du ein av dei som sørgjer for at fag, folk og planar går opp i ei større heilskap. Du er tett på prosjektet frå dei første planane til arbeidet ute i produksjonen, og du bidreg til at fagdisiplinen din leverer trygt, presist og med høg kvalitet. Gjennom god koordinering, tett oppfølging og solid fagkunnskap er du med på å sikre at skip og system tek form på ein ryddig og overkomeleg måte. Rolla er viktig for flyt, samhandling og framdrift i ei kompleks og spennande prosjektverd.
Disiplinleiar-rolla har vi i selskapa Ulstein Verft og Ulstein Design & Solutions.


Lyst på ny jobb?
I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?
Kven trivst i denne rolla?
Du trivst når du får kombinere fagleg tyngde med oversikt, struktur og dagleg kontakt med folk. Erfaring frå maritim industri eller tekniske fag gir deg eit godt utgangspunkt, og teknisk fagskule er ein fordel for å forstå heilskapen i prosjekta. Du likar å ta ansvar, sjå framover og bidra til at ting skjer i rett rekkefølgje. Nysgjerrig, tolmodig og løysingsorientert er ord som passar godt på deg, og du trivst med å koordinere både oppgåver og menneske. Som disiplinleiar er du ein viktig støtte for mange, og difor er det avgjerande at du kommuniserer tydeleg, samarbeider godt og byggjer eit arbeidsmiljø der alle kan lukkast.
Ein dag som disiplinleiar
Ein vanleg dag startar gjerne med å gå gjennom planane for dei neste stega i prosjektet. Du sjekkar ressursar, avklarar behov og legg til rette for at teamet ditt kan jobbe effektivt vidare. Etterpå ventar ofte oppfølging ute i produksjonen, der du snakkar med fagarbeidarar, sjekkar framdrift og handsamar små og store utfordringar som dukkar opp undervegs. I løpet av dagen koordinerer du oppgåver i di eiga gruppe, samarbeider tett med andre disiplinleiarar og følgjer opp innkjøp og leveransar som må vere på plass for å halde tempoet oppe. Rolla gir ei god blanding av planlegging og praktisk nærleik til byggeprosessen, og nettopp denne kombinasjonen gjer arbeidskvardagen variert, lærerik og full av situasjonar der du bidreg til at prosjekta kjem vidare.

Noko av det vi tilbyr:
- Fagleg utvikling
- Vi prioriterer deling av kunnskap og ferdigheiter gjennom ulike opplæringsprogram, både interne og eksterne, samt gjennom læring i det daglege arbeidet. Moglegheit for vidare utdanning.
- Ekstra fri i høgtida
- I tillegg til ordinær ferie får du ekstra fri hos Ulstein – med betalt fri både julaftan og nyttårsaftan, slik at du kan nyte høgtida skikkeleg.
- Trygg og føreseieleg pensjonsoppbygging
- Ulstein tilbyr ei konkurransedyktig pensjonsordning som sikrar deg ei trygg og føreseieleg oppbygging av pensjon gjennom heile yrkeslivet.
- Kantine med meirsmak
- Vi har fleire kantiner på området, der du får servert varm og variert lunsj kvar dag til ein rimeleg pris.
- Sosiale samankomstar
- Gjennom året samlast vi ved fleire høve. Vi arrangerer sommar- og haustfestar, julebord og andre sosiale aktivitetar. I tillegg inviterer vi til meir spontane samankomstar, som skidag, fjelltur eller ulike andre aktivitetar. Vi har også shuffleturnering den siste fredagen kvar månad.
- Sprek i Ulstein
- Vi tilbyr vekentleg fellestrening, som volleyball, styrke og løping. I tillegg får du tilgang til familiekort til symjehallen på Ulstein Arena, og det er mogleg å vere med på utvalde løp som Ulstein støttar. I tillegg engasjerer vi oss i lokale tur- og aktivitetsinitiativ, som t.d. Stikk UT!
- Levande lokalsamfunn
- Ulstein spelar ei aktiv rolle i å styrke og vidareutvikle lokalsamfunnet. Vi bidreg med støtte til idrettslag, frivillige initiativ og aktivitetstilbod som Ulsteinhallen og Ulstein Arena, som er viktige møteplassar for både barn, unge og vaksne. Gjennom slike bidrag er vi med på å legge til rette for gode oppvekstmiljø, fysisk aktivitet og sosiale arenaer som kjem heile kommunen til gode.