
Industrirørleggar
Bli ein del av eit sterkt fagmiljø der du bygger presise rørsystem for framtidas maritime løysingar.
Kva gjer ein industrirørleggar i Ulstein?
Som industrirørleggar hos Ulstein blir du ein del av eit sentralt fagområde som spelar ei viktig rolle i heile skipsbyggingsprosessen. Du jobbar både med produksjon av rør i prefabrikasjonsavdelinga og med montering om bord på skip. Arbeidet omfattar alt frå å lese teikningar og systemskjema til å bygge komplette rørsystem i praksis.
I jobben nyttar du moderne utstyr og arbeidsverktøy, inkludert vår rørbøyemaskin, som gjer produksjonen presis og effektiv. Dette gir ein spennande og variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Du blir ein del av eit erfarent og tverrfagleg arbeidsmiljø, der kvalitet, tryggleik og profesjonalitet står høgt. Arbeidet er praktisk, variert og skjer i nært samarbeid med andre fagområde i verftet.


Lyst på ny jobb?
I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?
Kven trivst i denne rolla?
Du trivst med praktisk og fysisk arbeid, og du har eit naturleg auge for detaljar og kvalitet. Du jobbar strukturert og nøyaktig, og du er trygg i alt frå arbeidsmetodar til kommunikasjon med kollegaer. Samstundes liker du å lære, og du har interesse for korleis ulike tekniske system heng saman. Du samarbeider godt i eit lag, men kan òg jobbe sjølvstendig når det trengst. Ein positiv haldning, vilje til å bidra og lyst til å bli del av eit solid fagmiljø er eigenskapar som gjer at du vil lykkast som industrirørleggar.
Ein dag som industrirørleggar
Arbeidsdagen startar gjerne med ei oversikt over dagens oppgåver, anten du skal jobbe inne i prefab eller ute på båt. Derfrå kan dagen ta mange retningar. Kanskje byrjar du med å måle opp, bøye og produsere røyr i verkstaden, eller kanskje handlar det om montering og tilpassing av røyrsystem om bord. Andre dagar står testing og kvalitetssikring på planen. Variasjon er ein naturleg del av kvardagen, og du samarbeider ofte tett med mekanikarar, sveiserar, elektrikarar og fleire andre fagmiljø. Det gjer at du får brei innsikt i heile skipsbyggingsprosessen, og at du stadig utviklar deg både fagleg og praktisk i eit arbeid som sjeldan er det same frå dag til dag.

Noko av det vi tilbyr:
- Fagleg utvikling
- Vi prioriterer deling av kunnskap og ferdigheiter gjennom ulike opplæringsprogram, både interne og eksterne, samt gjennom læring i det daglege arbeidet. Moglegheit for vidare utdanning.
- Ekstra fri i høgtida
- I tillegg til ordinær ferie får du ekstra fri hos Ulstein – med betalt fri både julaftan og nyttårsaftan, slik at du kan nyte høgtida skikkeleg.
- Trygg og føreseieleg pensjonsoppbygging
- Ulstein tilbyr ei konkurransedyktig pensjonsordning som sikrar deg ei trygg og føreseieleg oppbygging av pensjon gjennom heile yrkeslivet.
- Kantine med meirsmak
- Vi har fleire kantiner på området, der du får servert varm og variert lunsj kvar dag til ein rimeleg pris.
- Sosiale samankomstar
- Gjennom året samlast vi ved fleire høve. Vi arrangerer sommar- og haustfestar, julebord og andre sosiale aktivitetar. I tillegg inviterer vi til meir spontane samankomstar, som skidag, fjelltur eller ulike andre aktivitetar. Vi har også shuffleturnering den siste fredagen kvar månad.
- Sprek i Ulstein
- Vi tilbyr vekentleg fellestrening, som volleyball, styrke og løping. I tillegg får du tilgang til familiekort til symjehallen på Ulstein Arena, og det er mogleg å vere med på utvalde løp som Ulstein støttar. I tillegg engasjerer vi oss i lokale tur- og aktivitetsinitiativ, som t.d. Stikk UT!
- Levande lokalsamfunn
- Ulstein spelar ei aktiv rolle i å styrke og vidareutvikle lokalsamfunnet. Vi bidreg med støtte til idrettslag, frivillige initiativ og aktivitetstilbod som Ulsteinhallen og Ulstein Arena, som er viktige møteplassar for både barn, unge og vaksne. Gjennom slike bidrag er vi med på å legge til rette for gode oppvekstmiljø, fysisk aktivitet og sosiale arenaer som kjem heile kommunen til gode.