
Stillasmedarbeidar
Bidra til tryggleik og framdrift gjennom sikre stillasløysingar.
Kva gjer ein stillasmedarbeidar i Ulstein?
Som stillasmedarbeidar i Ulstein er du med på å skape trygge arbeidsplassar for mange av dei som jobbar i prosjekta våre. Stillaset du bygger, kontrollerer og held vedlike, er grunnlaget som gjer at andre fag kan utføre jobben sin sikkert og effektivt. Arbeidet ditt er ein viktig del av heile byggjeprosessen, både på land og om bord i båt, og du bidreg til at produksjonen går framover med gode løysingar, struktur og tryggleik. Her blir du ein del av eit miljø som verdset samarbeid, presisjon og fagleg stoltheit.


Lyst på ny jobb?
I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?
Kven trivst i denne rolla?
Du trivst med praktisk arbeid og ein fysisk aktiv kvardag, og du møter opp med ein positiv haldning og eit ønske om å bidra. Erfaring frå stillasarbeid eller relevant bakgrunn er ein fordel, og har du stillaskurs eller dokumentert praksis, kjem det godt med. Du er påliteleg, fleksibel og villig til å ta ansvar når det trengst. Samstundes samarbeider du godt med kollegaer, men klarer også å jobbe sjølvstendig når oppgåvene krev det. Tryggleik står alltid øvst hos deg, og du bidreg til at både du og andre har gode rammer for å jobbe sikkert gjennom dagen. Eit godt humør og ei sterk arbeidsvilje gjer deg til ein verdifull lagspelar.
Ein dag som stillasmedarbeidar
Ein typisk dag startar med ei felles gjennomgang av dagens oppgåver saman med kollegaene dine. Derfrå kan arbeidsdagen ta ulike retningar. Nokre dagar jobbar du med å montere nye stillas eller vidareføre arbeidet på konstruksjonar som allereie er under bygging. Andre dagar handlar det om å planleggje løysingar, førebu materiell eller sikre at alt av utstyr og tryggleikstiltak er i orden. Dersom du har kompetanse til det, deltek du òg i kontroll og godkjenning av stillas før bruk. Arbeidet kan vere både på land og om bord i båt, og du vekslar ofte mellom ulike område og ulike team. Variasjonen er stor, samarbeidet tett og kvardagen praktisk og utviklande i eit miljø der tryggleik og kvalitet går hand i hand.

Noko av det vi tilbyr:
- Fagleg utvikling
- Vi prioriterer deling av kunnskap og ferdigheiter gjennom ulike opplæringsprogram, både interne og eksterne, samt gjennom læring i det daglege arbeidet. Moglegheit for vidare utdanning.
- Ekstra fri i høgtida
- I tillegg til ordinær ferie får du ekstra fri hos Ulstein – med betalt fri både julaftan og nyttårsaftan, slik at du kan nyte høgtida skikkeleg.
- Trygg og føreseieleg pensjonsoppbygging
- Ulstein tilbyr ei konkurransedyktig pensjonsordning som sikrar deg ei trygg og føreseieleg oppbygging av pensjon gjennom heile yrkeslivet.
- Kantine med meirsmak
- Vi har fleire kantiner på området, der du får servert varm og variert lunsj kvar dag til ein rimeleg pris.
- Sosiale samankomstar
- Gjennom året samlast vi ved fleire høve. Vi arrangerer sommar- og haustfestar, julebord og andre sosiale aktivitetar. I tillegg inviterer vi til meir spontane samankomstar, som skidag, fjelltur eller ulike andre aktivitetar. Vi har også shuffleturnering den siste fredagen kvar månad.
- Sprek i Ulstein
- Vi tilbyr vekentleg fellestrening, som volleyball, styrke og løping. I tillegg får du tilgang til familiekort til symjehallen på Ulstein Arena, og det er mogleg å vere med på utvalde løp som Ulstein støttar. I tillegg engasjerer vi oss i lokale tur- og aktivitetsinitiativ, som t.d. Stikk UT!
- Levande lokalsamfunn
- Ulstein spelar ei aktiv rolle i å styrke og vidareutvikle lokalsamfunnet. Vi bidreg med støtte til idrettslag, frivillige initiativ og aktivitetstilbod som Ulsteinhallen og Ulstein Arena, som er viktige møteplassar for både barn, unge og vaksne. Gjennom slike bidrag er vi med på å legge til rette for gode oppvekstmiljø, fysisk aktivitet og sosiale arenaer som kjem heile kommunen til gode.