Jonas Langlo 2880 px

Å vere industrirørleggarlærling på Ulstein Verft

Som førsteårs lærling i industrirørleggarfaget likar Jonas Langlo best når han får forstå korleis alt heng saman, og når arbeidsdagen ikkje er lik i morgon som i dag. 

Då Jonas tok til som lærling på Ulstein var han spesielt imponert over samhaldet på arbeidsplassen og kor lett det var å kome inn i miljøet:

– Alle er utruleg positive. Eg vart positivt overraska over kor inkluderande og hyggeleg det er her. Det er aldri dårleg stemning. 

Eg likar ikkje å gjere det same kvar dag. Her får eg ein variert arbeidsdag. 

Jonas Langlo
Lærling

Rør, system og samanhengar om bord

Som industrirørleggar lærer Jonas eit fag det er stor etterspurnad etter.  For han handlar motivasjonen om meir enn berre arbeidsoppgåva, det handlar om å forstå systema, og å sjå at jobben blir ein del av noko større:

– Eg synest det er interessant og kjekt å jobbe med rør, å forstå korleis dei går gjennom fartøya, korleis alt fungerer, og vite at eg bidreg til eit større produkt ved å gjere oppgåver eg faktisk likar. 

Han veit òg kva som får han til å trivast: variasjon.

– Eg likar ikkje å gjere det same kvar dag. Her får eg ein variert arbeidsdag. 

Industriarbeider som jobber med rør
Møteaktivitet

Lyst på ny jobb?

I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?

Kva Jonas ser fram til vidare

Jonas planlegg å ta eit ekstra fagbrev som industrimekanikar for å få endå meir variasjon og breiare kompetanse. Samstundes set han pris på at verksemda tenkjer framover og heile tida ser mot neste prosjekt:

– Så snart vi er ferdige med det vi jobbar på, veit vi allereie kva som kjem etterpå. Det gjer arbeidet både kjekt og spennande.