
Frå verkstad til 3D-design; slik bygger Nicholine bru mellom teori og praksis
Nicholine Nesset Lystad har både fagbrev og ingeniørbakgrunn. Det gjer det lettare å jobbe med systemdesign i 3D, fordi ho har vore tett på korleis systema faktisk blir bygde.
Då Nicholine Nesset Lystad starta i Ulstein, vart ho slått av storleiken på fartøya, og av kor nøye røra og kabelsystema om bord må planleggast. Ho er ingeniør og jobbar innan maskin og HVAC (ventilasjon). Samstundes har ho fagbrev innan industriell overflatebehandling, og byrja karrieren med seks månader i produksjonen før ho gjekk over til arbeid på kontor.
Når praktisk erfaring gir betre ingeniørløysingar
For Nicholine handlar jobben om å forstå heilskapen, og å sjå korleis teori og praksis heng saman:
– Eg likar koplinga mellom praktisk arbeid og teorien bak.
Ho opplever at erfaring frå produksjonen gjer ingeniørarbeidet meir intuitivt:
– Det kjennest mykje meir naturleg å designe rørsystem i 3D-programmet når du faktisk har bygd dei sjølv tidlegare.


Lyst på ny jobb?
I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?
Då er eg ikkje berre «ingeniøren i tredje etasje». Eg har eit namn og eit ansikt.
Samarbeid mellom kontor og produksjon
Eit poeng ho løftar fram, er kor viktig det er å bli kjent med dei som jobbar ute i produksjonen, ikkje berre for trivsel, men for å få arbeidet til å flyte betre:
– Då er eg ikkje berre «ingeniøren i tredje etasje». Eg har eit namn og eit ansikt.
Nicholine skildrar også ein oppstart der det har vore lett å spørre og lære:
– Eg har blitt veldig godt tatt imot og får rettleiing og støtte når eg treng det. Eg likar å lære nye ting, og på Ulstein er det alltid noko nytt å lære.
