
Gard sin veg inn i riggjobben ved Ulstein Verft
Gard Arnesen jobbar som hjelpearbeidar på rigg i Ulstein Verft og har vore der i om lag eitt og eit halvt år. Han kom inn i verftsarbeid utan tidlegare erfaring, etter studieførebuande og eitt år på BI. – I starten er alt nytt, men gir du det litt tid, blir Ulstein Verft ein arbeidsplass du verkeleg trivst på, fortel han.
Då han budde i Bergen kjende han på heimlengsel, og då han såg ei ledig stilling på rigg bestemte han seg for å søke, trass i at han ikkje visste heilt kva han gjekk til. Ein kompis som jobba som elektrikar i Ulstein Elektro Installasjon, eit anna av selskapa i Ulstein Group, hadde snakka varmt om arbeidsmiljøet, og fleire han kjende hadde gode erfaringar derifrå.
Etter intervju fekk han jobben, eigentleg med plan om å arbeide ein kort periode, men oppgåvene, miljøet og variasjonen gjorde at han raskt blei verande. Gard har teke fleire kurs og fått meir ansvar. I tillegg til å vere kranførar, hjelper Gard matrosane på prøvetur og er med å bygge stillas.
Arbeidskvardagen på rigg: kran, stillas og arbeid om bord
Gard omtalar rigg‑rolla som ein «alt‑mogleg‑jobb». Ein typisk dag kan innehalde krankøyring, bygging av stillas og praktisk hjelp om bord på skip, i tillegg til testing og klargjering av område før andre fag skal i gang. Arbeidsdagane er sjeldan like, spesielt når prosjekt og prioriteringar endrar seg raskt. Det mest utfordrande er situasjonar der han får ansvar for oppgåver han ikkje har gjort før, som å bygge stillas på heilt nye område der han må sikre at alt blir riktig frå start. Han vart også overraska over kor fysisk tungt arbeidet kunne vere, men erfarte raskt at kroppen tilpassar seg og at meistringa kjem når arbeidsrytmen sit.


Lyst på ny jobb?
I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?
Å vekse gjennom ansvar
Kjernen i jobben for Gard handlar om å vere kreativ, tolmodig og villig til å prøve. Etter kvart som han får meir erfaring, får han også meir sjølvstendig ansvar, noko han ser på som både motiverande og lærerikt. Han har fått mange kurs og mykje praktisk kunnskap i Ulstein, og opplever at mykje av det han lærer kan overførast til heilt andre situasjonar både på jobb og privat. Framover ønsker han å bli endå betre innanfor kran, bygge vidare på kompetansen han allereie har og kanskje etter kvart bevege seg vidare mot nye roller eller avdelingar.

Det er sosialt, inkluderande og fullt av humor, ein stad der ein kan ha det kjekt sjølv på travle dagar.
Eit inkluderande arbeidsmiljø for nye i faget
Arbeidsmiljøet er ein av grunnane til at Gard trivst så godt i Ulstein.
- Det er sosialt, inkluderande og fullt av humor, ein stad der ein kan ha det kjekt sjølv på travle dagar.
Teamet hans består av mange ulike typar, alle med sine særpreg , og dette mangfaldet gjer avdelinga unik. Han opplevde at han kom raskt inn i miljøet, og at det alltid er nokon å spørje om hjelp eller støtte når noko er nytt eller uvant. For Gard handlar det om å få prøve, lære og utvikle seg i eit miljø der det er rom for å vere ny.
