Adolf Espeseth

Frå elektrikar til arbeidsleiar: 50 år med lagånd og framdrift

Adolf Espeseth starta arbeidslivet som elektrikar i 1975 ved Smedvik Mekaniske Verksted, som vart ein del av Ulstein Group i 1981. I dag, 50 år seinare, jobbar han som arbeidsleiar for elektro i Ulstein Elektro Installasjon og trivst framleis best der det skjer: ute i produksjonen.

Som arbeidsleiar har Adolf ansvar som spenner frå administrasjon til oppfølging av folk og framdrift. Likevel er det ute i produksjonen han kjenner seg mest heime:

– Eg er skrudd saman slik at eg må vere der ute og sjå sjølv, følge arbeidsprosessen og halde kontroll. Det er viktig å vere tilgjengeleg for kollegaene mine. 

Kvifor Adolf har blitt verande i 50 år

Kvifor har Adolf blitt verande så lenge? Svaret kjem raskt: 

– Eg trivst veldig godt på Ulstein. Miljøet, folk rundt meg og leiinga, eg har aldri kjent behov for å bytte jobb, seier Adolf.

Han skildrar eit arbeidsmiljø der nye blir tekne imot som ein del av laget, og der rollene ikkje står i vegen for fellesskapet:

– Her er det ingen skilnad på elektrikar og arbeidsleiar; først og fremst er vi gode kollegaer. 

Supervisor at Ulstein verft ULS 03993 IMG 8451
Møteaktivitet

Lyst på ny jobb?

I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?

For Adolf handlar motivasjon ikkje berre om å gjere jobben, men om kjensla av å lukkast saman:

– Det gode arbeidsmiljøet og kjensla av å få det til når vi lukkast. Å levere produktet til rett tid, det er utruleg givande.

Supervisor at Ulstein verft ULS 03992 IMG 8435