I Ulstein Verft er dette ikkje berre ein operasjon, det er eit uttrykk for kultur: å levere på tid, med kvalitet, og med tryggleik i alle ledd.
- Eg synest det var svært spanande å få sjå og høyre kommunikasjonen, førebuingane og presisjonsnivået i kritiske fasar av denne operasjonen. Alle operatørane visste kva dei skulle gjere til ei kvar tid, fortel Øyvind Amdam, nytilsett anleggs- og vedlikehaldssjef, etter å ha observert utdokkinga. Utdokkinga vart leia av John Hatløy. Gjennom sine 37 år i Ulstein har han vore med og dokka over 300 ulike skip.
- John har full kontroll. Han var svært tydeleg og var på kvar side av skipet med raske korreksjonar og heldt styringa frå første til siste meter.
John Hatløy held ikkje igjen på tilbakemeldingar på ting som må utbetrast på anlegget når den nye anleggs- og vedlikehaldssjefen er ute.

Når marginane er små, er kompetansen avgjerande
Denne utdokkinga var utanom det vanlege. Skipet var stort med breie bruvingar, ingen operasjonelle vinsjar var tilgjengelege og ikkje plass til slepebåt inne i dokka. Alt måtte handterast med taljar og handmakt til slepebåtane fekk tak i skipet utanfor dokkporten. Her er erfaring og samspel avgjerande.
- Vi har gjort dette mange gangar før, men det blir jo ei ekstra utfordring. Vi tok oss tida, planla grundig og samarbeidde godt. Då går det etter planen, seier Hatløy med roa som kjem av fagleg tyngde.
Han starta i Ulstein i 1988 som arbeidar ved utrustingsavdelinga og er i dag arbeidsleiar med kontroll på det meste som skjer.
- Mi rolle er å plassere folka, sørge for beskjedar vert følgde, kommunisere med slepebåtane og koordinere alt. Eg har mange dyktige folk som gjer at det går veldig bra, og det er eg stolt av.
John Hatløy i ein førebels tom dokkhall før neste bygg skal pryde arealet med mange fleire arbeidstimar for Ulstein Verft.

Førebuing og samhandling
Bak kvar presis manøver ligg grundige dokkingsmøte, raske avklaringar og ein kultur for å gjere ting rett første gong. Regn og snø er ikkje problem, men sterke vindkast kan ha dramatisk effekt på ein 150 meter lang metallvegg med knapp margin på kvar side. Teamet valde å utsette dokkinga eitt døgn på grunn av vêret:
- Det var rett avgjerd. Vi styrer ikkje vêret, men vi styrer alt vi kan. Det handlar om å vere førebudd og ha rutinar som held, understrekar han.
Gjengen sjekkar hyppig vêrmeldingane når det skal dokkast.

Etter at skipet var lagt til kai om kvelden, blåste det opp igjen, og teamet måtte tilbake for å sikre fortøyingane.
- Med så store skip må ein ha sterke og nok fortøyingar og slepebåtar som handterer kreftene.
John Hatløy viser fram gamle notatbøker som inneheld dokkingar mange tiår bak i tid.

Eit lag å stole på
Ulstein Verft er meir enn ein stad der skip blir bygde, det er ein arena der erfaring, samarbeid og presisjon skapar tryggleik og kvalitet. Når naturkreftene spelar inn, er det kompetansen og samhandlinga mellom menneska som gjer forskjellen. Solide rutinar, fagleg tyngde og stå-på-vilje er nøkkelen til å lukkast , også når utfordringane er utanom det vanlege.
- Det er slik vi har bygd tillit i marknaden, og det er slik vi held fram. Ingen klarar dette aleine, men med godt samspel får vi jobben gjort på ein trygg, effektiv og presis måte, fortel Hatløy.










