
Hovydaktivitetane i dokkingsperioden er all utvendig maling og tankmaling, og å montere ytterdelane av thrusterane.
Skroget har lagt ved kai sidan august, og dei fleste fagområde har vore involverte i installasjonsarbeidet – frå røyrlegging og utrusting til innreiing. Ulstein Elektro Installasjon har hovudansvaret for dei elektriske installasjonane.
Fartøyet blir verande i dokkhallen gjennom heile malingsprosessen, med alt utvendig arbeid planlagt ferdigstilt før utdokkinga tidleg i 2026.
Skipet er basert på Ulstein sitt SX222-design med den innovative TWIN X-STERN®-løysinga, som gir høg drivstoffeffektivitet og redusert rørsle for tryggare og meir komfortable offshoreoperasjonar. Med hybrid batteridrift og førebuing for grøn metanol er fartøyet designa for å møte framtidige miljøkrav og støtte karbonnøytrale ambisjonar.
Med rørslekompensert gangbru, heistårn, 3D-kran og optimalisert logistikk blir fartøyet ein fleksibel plattform for både drift- og vedlikehaldsoppdrag (O&M-aktivitetar) og støtte til konstruksjonsarbeid.
Dette er det første av to fartøy, og søsterskipet er venta til Ulstein Verft innan årsskiftet.








