Skipet med byggenummeret 321 er det andre fartøyet i ULSTEIN SX222-serien for BS Offshore.

TWIN X-STERN
Fartøyet er designa av Ulstein Design & Solutions AS, og har TWIN X-STERN® med azimuth-framdrift i begge endar. Dette sikrar optimal yting når skipet ligg i dynamisk posisjoneringsmodus (DP), betre drivstoffeffektivitet og auka operabilitet under krevjande forhold offshore.

Utstyrt for trygge og effektive offshoreoperasjonar
Viktige komponentar om bord er ein sentralt plassert, høgdejusterbar 'walk-to-work'-gangveg for ein trygg overgang mellom skipet og vindturbinane, eit heistårn, og ei 3D-rørslekompensert kran for offshoreløft opp til fem tonn. I tillegg har skipet eit høgdejusterbart båtlandingssystem som også sikrar ein trygg og trinnlaus overgang mellom skipet og mindre mannskapsoverføringsfartøy (oftast kalla crew transfer vessels). Desse løysingane støttar trygge og effektive operasjonar i havvindparkar og andre krevjande miljø.
Låge utslepp og komfort i fremste rekke
Totalt har skipet 111 lugarar med plass til opptil 132 personar, av desse er det 90 lugarar med dagslys for leigetakarane sitt personell. For å gi lågast mogleg utslepp i operasjon har skipet hybrid batteridrift og er førebudd for metanol som drivstoff, i tråd med Schulte Group sitt engasjement for berekraft.
Fokus på pålitelegheit, operabilitet, fleksibilitet og berekraft
– Det nye CSOV*-skipet WINDEA Clausius utfyller den moderne offshoreflåten vår som no femner om fem toppmoderne fartøy, seier Matthias Müller, administrerande direktør i BS Offshore. – I lag med søsterskipet WINDEA Curie er ho kjenneteikna av innovative designløysingar med fokus på pålitelegheit, operabilitet, fleksibilitet og berekraft.
– Vi er stolte over å levere WINDEA Clausius til BS Offshore. Dette er nok ein merkedag i det vellukka samarbeidet vårt. Fartøyet avspeglar den innsatsen vi legg i innovasjon og berekraft, og har høg yteevne og lågt miljøavtrykk, seier Lars Lühr Olsen, administrerande direktør ved Ulstein Verft.
Fartøyet er oppkalla etter den tyske fysikaren Rudolf Clausius, ein pioner innan termodynamikk. Dei andre fartøya som tidlegare er leverte frå Ulstein til BS Offshore er WINDEA La Cour, WINDEA Leibniz, WINDEA Jules Verne og WINDEA Curie.
* Commissioning Service Operation Vessel
Skipsdåp
WINDEA Clausius vart døypt ved Ulstein Verft 4. september 2025.
