11 03 25 YNO 321 hull arrival 10 37741379

Neste TWIN X-STERN-skip: Bygginga av vindskip nummer to for BS Offshore i gong ved Ulstein Verft

Den 11. mars 2025 kom skroget til byggnummer (bnr) 321 for BS Offshore fram til Ulstein Verft. Dette markerer starten på ein ny fase i skipsbygginga. Skipet er designa av Ulstein Design & Solutions AS for såkalla 'walk-to-work'-operasjonar (W2W) der personell går over ei rørslekompensert gangbru frå skipet til ein vindturbin.

Medan skroget har vore under bygging ved CRIST-verftet i Polen, tett følgd opp av eit siteteam frå Ulstein Verft, har designarane og ingeniørane i dei ulike Ulstein-selskapa i Noreg og Polen arbeidd med å ferdigstille detaljteikningane til skipet. Når skroget no har kome fram til Ulstein Verft, startar fasen med sikring, måling, utrusting, rørlegging, installasjonar av utstyr, elektroarbeid og systemintegrasjon.

Skipet er søsterskipet til bygg nummer 320, som vart sjøsett ved Ulstein Verft 23. februar.

- Vi er glade for å sjå at arbeidet med å fullføre det andre CSOV-skipet vårt går framover. Skipet er designa med tanke på effektivitet, tryggleik og berekraft og vi ser fram til den vidare framdrifta og samarbeidet fram til levering, seier Matthias Müller, administrerande direktør i BS Offshore.

Dette er Ulstein sitt femte W2W-skip til BS Offshore. Alle er designa av Ulstein Design & Solutions AS og bygde ved Ulstein Verft. BS Offshore er eit nytenkande reiarlag, og Ulstein set pris på å halde fram det gode partnarskapet, og bidra til utviklinga av berekraftige maritime løysingar.

  • 11 03 25 YNO 321 hull arrival 06 37741436
  • 11 03 25 YNO 321 hull arrival 04 37741510
  • 11 03 25 YNO 321 hull arrival 03 37741508
  • 11 03 25 YNO 321 hull arrival 19 37741459

TWIN X-STERN

Som forgjengaren er nybygget ein del av den innovative TWIN X-STERN CSOV-serien, med svært høg operasjonell yting og gode sjøeigenskapar. Som ein del av utrustingsfasen vil skipet bli utstyrt med avansert teknologi, inkludert ei 3D-kompensert kran og gangbrua, som sikrar trygg og effektiv overføring av personell og last til havvindanlegg.

Hybrid framdrift

Fartøyet vert også utstyrt med eit dieselelektrisk framdriftssystem med stor batterilagring som bidreg til å redusere miljøavtrykket. Fartøyet er også førebudd for metanol som eit framtidig drivstoff.

Innreiing

Etter leveringa av skipet i 2025, kan det bidra til å yte støtte til havvindsektoren med moderne, høgkomfort-innreiing for opptil 132 mannskap og kundar.

Ta kontakt

Geir Heltne DSC4460 comp bw

Geir Heltne

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Johnny Myklebust 2 BW

Johnny Myklebust

Beskrivelse
Sales Manager Newbuild
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Relaterte nyheiter

Keel lay BSO
Oppdatering

Kjølstrekk for Bernhard Schulte sin neste CSOV frå Ulstein

Begge havvindserviceskipa (Commissioning Service Operation Vessels - CSOV) som Bernhard Schulte Offshore bestilte frå Ulstein i 2023 er no i konstruksjonsfasen. I februar var det kjølstrekkseremoni  for det første fartøyet, byggnummer 320, ved skrogverftet Crist i Gdynia, Polen. No kan vi også markere denne milepålen for det andre nybygget, byggnummer 321.  

Geir Heltne DSC4460 comp bw

Geir Heltne

Sales Manager

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Johnny Myklebust 2 BW

Johnny Myklebust

Sales Manager Newbuild

Tilknytning
Ulstein Verft AS