NB321 3569 steelcutting

Milepålar nådd for Bernhard Schulte Offshore sine to CSOV-skip

Dei to Ulstein-designa CSOV-nybygga som er under bygging for Bernhard Schulte Offshore har nådd viktige fasar i byggeprogrammet. Brennestarts- og kjølstrekkseremoniane for byggnummer 321 og 320 vart haldne på skrogverftet Crist den 30. januar 2024. 

  • NB320 3627 keel laying
  • NB320 3607 keel laying
  • NB321 3584 steelcutting
  • NB321 3561 steelcutting
  • NB321 3524 steelcutting
  • NB321 3553 steelcutting
  • NB321 3589 steelcutting
  • NB321 3578 steelcutting
  • NB321 3574 steelcutting
  • NB321 3569 steelcutting

Desse CSOV-ane (Commissioning Service Operation Vessels) er designa med TWIN X-STERN, der hovudpropelleiningar er innarbeidde i skroget både framme og akter for å gi best moglege eigenskapar ved dynamisk posisjonering.

Skroga vil bli førebudde på Crist-verftet i Polen før dei vert slepte til Ulstein Verft for dei avsluttande fasane, som inkluderer utrusting, måling, elektriske installasjonar, integrering av utstyr, oppstart og prøveturar. 

Matthias Müller, administrerande direktør i Bernhard Schulte Offshore, kommenterer milepålane slik: 

- Det er flott å vere her på verftet og vere vitne til oppstarten på dei to nybygga våre. Vi ser fram til den vidare byggeprosessen for desse særmerkte offshore-fartøya, som er planlagde for levering i 2025.

NB321 3565 steelcutting

Lidvar Lillerovde er prosjektleiar ved Ulstein Verft og var også til stades på seremoniane. 

– Vi er glade for å vere her på Crist saman med Bernhard Schulte Offshore for å feire merkedagen til desse to nybygga. No ser vi fram til å halde fram det gode samarbeidet mellom reiarlaget, skrogverft og Ulstein Verft om desse fartøya.

Følg med på oppdateringar om konstruksjonen framover

BSO TBN I | Ulstein

BSO TBN II | Ulstein

Ta kontakt

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Relaterte nyheiter

Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Verft AS