Keel lay BSO

Kjølstrekk for Bernhard Schulte sin neste CSOV frå Ulstein

Begge havvindserviceskipa (Commissioning Service Operation Vessels - CSOV) som Bernhard Schulte Offshore bestilte frå Ulstein i 2023 er no i konstruksjonsfasen. I februar var det kjølstrekkseremoni  for det første fartøyet, byggnummer 320, ved skrogverftet Crist i Gdynia, Polen. No kan vi også markere denne milepålen for det andre nybygget, byggnummer 321.  

Skroga til begge fartøya blir førebudde ved Crist før dei vert slepte til Ulstein Verft i Ulsteinvik. Her vil arbeidet halde fram med utrusting, måling, elektriske installasjonar og utstyrsintegrasjon før systemoppstart og førebuing til prøvetur.  

CSOV-prosjekta er i rute for levering neste år og vil bli klassifiserte av DNV og bygde i samsvar med krava til Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS). Ved ferdigstilling vil dei vere sentrale i arbeid på havvindfarmar, til vedlikehald- og sørvisoperasjonar.

  • Keel lay BSO
    Representantar frå Ulstein Verft, Bernhard Schulte Offshore, Crist S.A., S.M.C. Schulte Marine Concept og klasseselskapet DNV, framfor byggnummer 319, den neste CSOV-en til Bernhard Schulte Offshore.
  • Keel lay BSO 2
    Frå venstre: Matthias Müller i BS Offshore og Ulstein Verft sin prosjektleiar Martinus Warholm og skrogsjef Ole Osnes Gjerde.

Les meir om CSOV-design frå Ulstein her: CSOV/ SOV | Energy | Offshore wind | Ship designs |… | Ulstein 

Ta kontakt

Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Beskrivelse
Sales Manager Newbuild
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

Launch expedition cruise ship Douglas Mawson IMG 2468
Oppdatering

Sjøsetting av Douglas Mawson

28. november 2024: Ekspedisjonscruiseskipet 'Douglas Mawson', eit ULSTEIN CX103-design, har vorte sjøsett ved CMHI-verftet i Kina. 

Douglas Mawson er eit X-BOW-skip som gir god komfort for passasjerane med ein romsleg salong i baugen og panoramautsiktsområde. Skipet oppfyller stabilitetskrava til Solas 2020, og har innreiing til 300 personar.

Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Sales Manager Newbuild

Tilknytning
Ulstein Verft AS
Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS