Yno 320 by quay ULS 02166 CR Ulstein Group

Sjøsetting av byggnummer 320 – ein ny milepåle for BS Offshore og Ulstein Verft

Søndag 23. februar 2025 vart byggnummer 320 sjøsett ved Ulstein Verft. Skipet er eit havvindserviceskip av typen 'Commissioning Service Operation Vessel' (CSOV) for BS Offshore.

Sjøsettinga kjem etter ein omfattande utrustingsfase som mellom anna omfatta installasjon av elektriske og mekaniske system, røyrlegging, innreiing og systemintegrasjon.

Sjøsettinga gjekk føre seg i fleire fasar. Den 20. februar vart nybygget flytta frå dokkhallen til ytre dokk. Medan skipet låg der, vart Ampelmann-tårnet og gangvegen montert. Den 23. februar blei skipet tatt vidare ut på sjøen og plassert ved kai, der det vil bli verande til prøvetur tek til seinare i år.

Bygg 320 er eit skip med det nye TWIN X-STERN-designet og er utstyrt med ei 3D-kompensert kran og ein såkalla 'Walk-to-Work'-gangveg, som sikrar trygg og effektiv overføring av personell og last til havvindanlegg. Det dieselelektriske framdriftssystemet, kombinert med ei stor batteripakke, reduserer miljøavtrykket. Skipet er også førebudd for metanol som drivstoff.

Skipet er tiltenkt arbeid i havvindindustrien, og har moderne og komfortabel innreiing for opptil 132 personar. Fartøyet er planlagt levert i andre kvartal 2025, og vil styrke dei operative evnene til BS Offshore.

Skipsreferanse: BSO TBN I | Ulstein

  • Yno 320 6b4752e901 CR Ulstein Group Oclin
  • Utdokking Ulstein 994 CR Ulstein Group uavpic com
  • Yno 320 IMG 5848 CR Ulstein Group
  • Yno 320 PO8 A8417 web CR Ulstein Group
  • Yno 320 PO8 A8375 web CR Ulstein Group
  • IMG 3365 Yno 320 37443571 CR Ulstein Group
  • Yno 320 PO8 A8378 web CR Ulstein Group
  • Yno 320 IMG 3432 CR Ulstein Group
  • Yno 320 by quay ULS 02166 CR Ulstein Group

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Geir Heltne DSC4460 comp bw

Geir Heltne

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Johnny Myklebust 2 BW

Johnny Myklebust

Beskrivelse
Sales Manager Newbuild
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Relaterte nyheiter

Keel lay BSO
Oppdatering

Kjølstrekk for Bernhard Schulte sin neste CSOV frå Ulstein

Begge havvindserviceskipa (Commissioning Service Operation Vessels - CSOV) som Bernhard Schulte Offshore bestilte frå Ulstein i 2023 er no i konstruksjonsfasen. I februar var det kjølstrekkseremoni  for det første fartøyet, byggnummer 320, ved skrogverftet Crist i Gdynia, Polen. No kan vi også markere denne milepålen for det andre nybygget, byggnummer 321.  

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Verft AS
Geir Heltne DSC4460 comp bw

Geir Heltne

Sales Manager

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS
Johnny Myklebust 2 BW

Johnny Myklebust

Sales Manager Newbuild

Tilknytning
Ulstein Verft AS