Apprentices NKT Victoria

Lærlingane styrkar fagmiljøet i Ulstein

Hausten 2026 kunne vi ønske ti nye lærlingar velkomne til Ulstein Verft og Ulstein Elektro Installasjon. Dermed har vi no totalt 22 lærlingar i arbeid i produksjonen. Denne gruppa er svært viktig for oss når det gjeld utdanning og framtidig rekruttering av dyktige fagarbeidarar.

Totalt utgjer lærlingane 7 % av talet tilsette innan Shipbuilding-området. Ein av dei er tillitsvalt for lærlingane, Tobias Solli-Olsen frå Fredrikstad. Han er elektrolærling, og synest den maritime næringa er spennande. Han såg difor ikkje mørkt på å flytte til Sunnmøre då han fekk moglegheita til å bli lærling i Ulstein. Du kan møte Tobias i denne filmen på YouTube.  

Apprentices trawler crane

Foto over: Førsteårslærlingane Eskil Bigset og Ramona Moltu, og andreårslærling Tobias Solli-Olsen.

Slik rekrutterer Ulstein framtidas fagarbeidarar

– Vi ønsker å bygge opp ein sterk stamme av eigne fagarbeidarar. Det gjer vi ved å ta inn lærlingar, gi dei god opplæring og utvikle kompetansen vi treng for framtida, seier Hanne Notøy og Tor Erik Agledal. Saman med Anne Holm Roppen er dei lærlingansvarlege og følger opp lærlingane i læretida. 

Ulstein deltek jamleg på yrkesmesser, besøker vidaregåande skular og tek imot skuleklassar for å vise fram moglegheitene innan fagutdanning og breidda i Ulstein.

– Gjennom lærlingordninga bidreg vi til å utdanne nye elektrikarar, sveisarar, industrimekanikarar og rørleggarar. Lærlingane søker seg hit frå heile landet. Samtidig har vi mange også frå nærområdet, og fleire av dei har blitt kjende med Ulstein nettopp gjennom besøk på skulen eller yrkesmesser, seier Anne Holm Roppen. 

  • Ulstein apprentices 2026 ULS 04891 IMG 4325
    Alle førsteårslærlingane med unntak av éi.
  • Apprentice responsibles
    Anne Holm Roppen, Hanne Notøy og Tor-Erik Agledal er lærlingansvarlege på Ulstein.
  • Apprentices NKT Victoria
    Dei fleste av lærlingane på Ulstein samla på kaikanten ved Ulstein Verft.
Møteaktivitet

Lyst på ny jobb?

I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?