Framtidas skip treng fleire elektrikarar og ingeniørar

Det grøne skiftet og meir krevjande maritime operasjonar til sjøs aukar behovet for elektrikarar og ingeniørar med kompetanse innan kraft, automasjon og digitale system. I Ulstein skapar utviklinga nye prosjekt, fleire arbeidsplassar og spanande moglegheiter for fagfolk som vil forme framtidas skip. 

Kort oppsummert

  • Moderne fartøy er avanserte elektriske plattformar som krev høg fagleg kompetanse.
  • Etterspurnaden veks både innan nybygg og oppgradering av eksisterande fartøy.
  • Store prosjekt og ny teknologi skapar gode karrieremoglegheiter i den maritime næringa.

Det grøne skiftet til sjøs handlar ikkje berre om ny teknologi, men like mykje om  menneska som kan utvikle, installere, integrere og drifte teknologien. 

Peter Pilskog
Administrerande direktør i Ulstein Power & Control.

Krafta bak det grøne skiftet

Frå batteriferjer til avanserte hybride havgåande fartøy, den maritime næringa står midt i ei av dei største omstillingane i moderne tid. Skal verda nå klimamåla og redusere utsleppa frå skipsfarten, må både nye og eksisterande fartøy ta i bruk meir energieffektive og utsleppsreduserande løysingar. Elektrifisering, batteriteknologi, hybride framdriftssystem og nye energiberarar blir stadig viktigare i utviklinga av framtidas skip. 

Men teknologi aleine skaper ikkje endring. Bak batteripakkar, hovudtavler, kontrollsystem og automatiserte funksjonar står menneske med høg fagleg kompetanse og det gjer elektrikarar og ingeniørar innan kraft- og automasjonssystem til nøkkelpersonar i det grøne skiftet til sjøs. Dei utviklar, installerer, testar og set i drift løysingane som gjer fartøya meir energieffektive, sikrare og meir berekraftige. 

– Mange ser framleis for seg skip som motorar, stål og mekanikk. Realiteten er at moderne fartøy er avanserte, elektriske system, seier Stig Roppen, dagleg leiar i Ulstein Elektro Installasjon. 

Skip i dag har digitaliserte og automatiserte løysingar der kraftsystem, batterianlegg, sensorteknologi og programvare som må fungere saumlaust saman. Dette skapar eit aukande behov for kompetanse innan elektro og automasjon, både ved bygging av nye fartøy og ved ombygging av seglande skip. 

Stor etterspurnad og ei lys framtid

Dei siste åra har Ulstein levert avanserte kraft-, automasjons- og elektroløysingar til spesialfartøy innan havvind og kabellegging. Leveransane omfattar mellom anna integrerte kraftsystem, energistyring, batterihybride løysingar og overvakings- og kontrollsystem som bidreg til trygg og effektiv drift.

Prosjekt som Nexans Aurora, Nexans Electra, havvindfartøya til Bernhard Schulte Offshore og Olympic, og dei komande kabelleggingsfartøya for OMS Group viser korleis kraft- og automasjonssystem har blitt ein stadig viktigare del av moderne skipsbygging.

Samtidig aukar behovet for oppgradering av eksisterande fartøy. Mange skip blir no tilpassa landstraum, batterihybride løysingar eller nye krav til energieffektivitet og digital drift. I tillegg er det framleis mange fartøy som opererer med automasjonssystem som nærmar seg slutten av levetida si.

Eg vil anslå at om lag 70 prosent av ettermarknadsprosjekta vi er involverte i handlar om retrofit av automasjonssystem på fartøy i operasjon. Det finst mange skip med 15 til 20 år gamle system som bør skiftast ut for å sikre trygg og kostnadseffektiv drift, og for å møte dagens krav til cybersikkerheit, seier Pilskog.

Utviklinga speglar ein tydeleg trend i den maritime næringa. Dagens fartøy er ikkje berre mekaniske konstruksjonar, men avanserte elektriske og digitale plattformar der kraftdistribusjon, energistyring, automasjon, overvaking og datainnsamling spelar ei stadig viktigare rolle.

Det aukar etterspurnaden etter elektrikarar, automasjonsingeniørar, systemingeniørar og andre fagpersonar som kan utvikle, installere og drifte teknologien fartøya er avhengige av.

Ulstein-elektriker jobber med 322s prøvetur
Møteaktivitet

Lyst på ny jobb?

I over 100 år har vi skapt nye moglegheiter og drive utviklinga i den maritime næringa – vil du bli med på reisa vidare?

Auka sysselsetting i Ulstein

Ulstein Elektro Installasjon og Ulstein Power & Control er to selskap i Ulstein Group som er i vekst. Det siste året har begge tilsett fleire medarbeidarar, og behovet for ny kompetanse held fram.

Ulstein Elektro Installasjon ønskjer samstundes å styrkje marknadsposisjonen ved å ta på seg fleire oppdrag utanfor Ulstein Verft.

Dette er viktig for å sikre vidare utvikling i selskapet. Som ein del av denne satsinga ser vi behov for å styrkje organisasjonen med kompetanse innan elektroteknisk disiplinleiing og prosjektleiing, seier leiaren i Ulstein Elektro Installasjon.

I januar i 2026 vann Ulstein Verft kontrakta for bygging av to nye kabelleggarar for den malaysiske operatøren OMS Group. Prosjektet gir god føreseielegheit og langsiktig aktivitet for fleire av selskapa i konsernet.

Slike prosjekt gir langsyn for arbeidet vårt, seier Roppen.

Kontrakta er òg viktig for Ulstein Power & Control, som skal levere hybride kraft- og automasjonssystem til begge fartøya.

– Dette er ein viktig kontrakt for oss og stadfestar posisjonen vår som ein leiande leverandør av system for komplekse maritime operasjonar, seier Pilskog.

Han peikar også på aukande interesse for det selskapet omtalar som Remote Machinery Control, eller fjernstyring av maskinrom frå land.

– Dette er funksjonalitet vi ventar vil bli stadig viktigare etter kvart som system og operasjonar blir meir avanserte. Behovet for støtte frå landbaserte team aukar, og vi har mykje arbeid framfor oss.

Begge leiarane er glade for at mange søkjer seg til Ulstein. Dei meiner eit sterkt arbeidsmiljø er ei viktig årsak.

– Sjølv når det er mykje å gjere, har vi humøret med oss. Det er ein fin gjeng som jobbar i lag. Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der folk kan lære og utvikle seg, både fagleg og sosialt, seier Roppen.

Yno 322 CSOV Genesis Sea sea trial 6