Ulstein

Arbeidsleiar Elektro

Ulstein Elektro Installasjon

Søknadsfrist: 31.05.2025

Vil du bli med på å utvikle vår vedlikehaldsavdeling innan elektro?

Vedlikeholdsavdelinga ser behov for å styrke fagområdet innan elektro installasjon og søker difor etter ein Arbeidsleiar Elektro. Som Arbeidsleiar får du ansvar for eigen kvardag og eit utvida ansvar opp i mot vedlikehald og reparasjon av elektriske installasjonar og utstyr på anlegget. Du vil bli ein del av eit dyktig og sosialt team innan vedlikehald som har stort fokus på kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon. Dette er ei unik moglegheit om du set personleg utvikling høgt.  

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 31.05.25

Bedrift: Ulstein Elektro Installasjon AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Arbeidsleiar Elektro

Tal stillingar: 1

Fulltid / deltid: Fulltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Arbeidsleiar Elektro

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og leiing av arbeid
  • Time- og bemanningskontroll av eigne og innleigde ressursar
  • Rapportering av framdrift i samsvar med planlagt aktivitet.
  • Oppfølging av interne rutinar og kvalitetsprosessar.
  • Vedlikehald, kontroll og ettersyn av teknisk anlegg/utstyr.
  • Foreta nødvendig utbetring på utstyr og anlegg.
  • Dokumentere i høve til regelverk for elektriske installasjonar.

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som elektrikar/elektromontør gruppe L.
  • Praktisk og teknisk elektrofagleg forståing.
  • HMS forståing og haldning inn mot el-sikkerheit.
  • Tverrfagleg forståing er ønskeleg. 

Personlege eigenskapar

  • Godt humør, engasjert og god arbeidsmoral.
  • Sjølvstendig og høge krav til eige arbeid.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Resultatorientert
  • Initiativrik

Vi tilbyr

  • Godt fagleg miljø
  • Fleksitidsavtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver

I hjartet av Sunnmøre

Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Vi er omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Området ligg berre ein times reise unna bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane.
 

Kontakt

Per Jarle Ytrebø
Electrical Manager / Project Manager
Telefon: 957 67 027
[email protected]

Vidar Longva
Arbeidsleiar, Avdeling Vedlikehald
Telefon: 970 14 421
[email protected]

Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. 

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft,  ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.