Ulstein 2024 web 1489

Dagleg leiar Ulstein Elektro Installasjon

Ulstein Elektro Installasjon

Søknadsfrist: snarast

Vil du jobbe som dagleg leiar i Ulstein Elektro Installasjon

Ulstein Elektro Installasjon er inne i ei spennande fase med fleire kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Selskapet er ein del av skipsbyggingsområdet i Ulsteinkonsernet, saman med Ulstein Verft. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet.

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: Snarast

Bedrift: Ulstein Elektro Installasjon AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Dagleg leiar

Tal stillingar: 1

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Dagleg leiar

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Høyr Knut Barstad, Vise administrerande direktør ved Ulstein verft fortelje meir om selskapet og stillinga som dagleg leiar her:

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som dagleg leiar vil du ha stor innverknad på prosjekta våre og vere ansvarleg for å sikre progresjon og kvalitet. Du vil få eit overordna ansvar for økonomien i selskapet og å vidareutvikle organisasjonen i tråd med gjeldande strategi. 

Andre relevante arbeidsoppgåver vil vere

  • planlegging og gjennomføring av avtalte leveransar
  • kalkulering av nye prosjekt
  • bemanning og utvikling av organisasjonen
  • økonomisk oppfølging og kontroll av prosjektportefølja 
  • å skape gode relasjonar til tilsette, samarbeidspartar og leverandørar

Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har god fagleg kompetanse innan elektro. Relevant erfaring frå maritim sektor er ønskeleg. Det er ein fordel om du har leiarerfaring og erfaring frå prosjektleiing. Som dagleg leiar vil du få eit samla resultatansvar for verksemda, og det er nødvendig med god økonomi- og forretningsforståing. 

Vidare ser vi for oss at du 

  • har god tverrfagleg teknisk forståing
  • er resultatorientert og trivst med lagarbeid for å nå felles mål
  • er strukturert, initiativrik og nysgjerrig
  • er oppteken av kontinuerlig forbetring og er løysingsorientert
  • gode språkkunnskapar både munnleg og skriftleg (norsk og engelsk)

Vi tilbyr

  • Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
  • Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, gode pensjons- og forsikringsordningar.

Arbeidsstad vil vere ved vårt kontor på Osneset i Ulsteinvik.

Søknadsfrist: snarast – søknader blir fortløpande vurderte.

Ønsker du meir informasjon om stillingen? 

Ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY ved rådgiverne

  • Marita Stakkestad Hanstveit, tlf. 452 53 909
  • Jan Tore Hamnøy, tlf. 411 02 200
Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft,  ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.