IMG 7842 web

Industrirøyrleggar avd. - Maskin og Røyr

Ulstein Verft

Søknadsfrist: 19.01.25

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?

Ulstein Verft har aukande aktivitet og søker derfor etter fagleg sterke kandidatar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar. Arbeidsoppgåvene er varierte, og du vil bli ein del av eit fagleg dyktig miljø der du kan utvikle deg og skape resultat saman med oss. 

Intervju vert gjennomført fortløpande.


Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 19.01.25

Bedrift: Ulstein Verft AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Industrirøyrleggar - avd. Maskin og Røyr

Heiltid / deltid: Heiltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Industrirøyrleggar - avd. Maskin og Røyr

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Oppgåver du vil jobbe med

Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:

  • Service og reparasjon av ventilar, røyr og røyrsystem
    (ISO og Ermeto)
  • Tilverking og montering av røyrsystem ombord i skip.
  • Vedlikehald, reparasjonar og overhaling av maskinkomponentar
  • Service og vedlikehaldsarbeid på propellar, thrusterar, kjølarar, pumper og liknande
  • Montering av til dømes motorar, pumper, og propellar 
  • Installasjon av skipsmaskineri
     

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Vi ønskjer søkarar med fagbrev som industrirøyrleggar eller andre relevante fagbrev.  

Oppgåvene som skal løysast krev ei praktisk og teknisk forståing - frå teikning til sluttprodukt. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det er også ein fordel å kunne norsk og engelsk for å kunne diskutere med kollegaer for å løyse oppgåvene.
 

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass?

Ulstein Verft byr på varierte arbeidsoppgåver, gode kollega og moglegheiter for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon. 
 

I hjartet av Sunnmøre

Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein Verft, så er både Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng ein enkelt kan nå til fots, på sykkel eller ski. Bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane er også berre ein times køyring frå Ulsteinvik. 

 

Kontakt

Tor-Erik Agledal
Section leader - Pipebending
Telefon: +47 976 691 87
E-post: [email protected]

Vidar Hungnes
Department Manager Pipe & Machinery
Telefon: 909 60 746
E-post: [email protected]

Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.