Elektrolærling Ida Holvik Kvalheim

Lærlingar Elektrikar

Ulstein Elektro Installasjon

Søknadsfrist: 15.03.2025

Ønskjer du å starte ei spennande maritim karriere med Ulstein Elektro Installasjon?

I Ulstein vil du bli ein av del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi arbeidar saman for å oppnå felles mål. Vi legg stor vekt på trivsel og personleg utvikling, og du vil få støtte og rettleiing frå erfarne kollega gjennom heile lærlingperioda slik du får ei solid kompetanse i ditt fagfelt. 
 

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 15.03.2025

Bedrift: Ulstein Elektro Installasjon AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Lærlingar Elektrikar

Fulltid / deltid: Fulltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Lærlingar Elektrikar

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Arbeidsoppgåver

Ulstein Elektro Installasjon AS har ein velfungerande produksjon med høg kompetanse og dyktige medarbeidarar som ivaretek våre lærlingar på ein god måte. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø der vi har stor fokus på å utvikle din fagkompetanse.

Vi søker etter kandidatar innan Elektrikarfaget. Med oss vil du få fagopplæring etter læreplan, og erfarne leiarar vil fylgje opplæringa di fram til bestått fagbrev. Arbeidsoppgåvene vil vere varierte og kan blant anna vere:

  • Varierande installasjonsarbeid om bord på skip
  • Reparasjon og vedlikehald
  • Dokumentasjon av arbeid og avvik

Kvalifikasjonar

  • Fullført VG2

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein lærling som er initiativrik og tek ansvar for eiga læring og utvikling. Du bør ha ei fagleg interesse, og vere nysgjerrig på å lære nye ting. I tillegg vil samarbeidsevner vere viktig, ettersom du vil arbeide tett i lag med fagarbeidarar og andre lærlingar for å løyse oppgåver. Ei god HMS-haldning er essensiell for å sikre ein trygg arbeidsplass for deg sjølv og dine kollega.

Vi tilbyr

Med oss vil du oppleve eit godt lærling- og arbeidsmiljø der trivsel og utvikling står i fokus. Vi tilbyr fleksitidsordningar som gir deg moglegheit til å balansere arbeid og fritid. Gjennom heile året arrangerer vi ulike velferdsaktivitetar som bidreg til eit godt sosialt fellesskap og styrkar samhaldet blant våre tilsette. Blant anna arrangerer vi sportslege aktivitetar som fjelltur eller volleyballturneringar, sommarfest, julebord eller turar i nærområdet.

Det kan vere moglegheit for vidare arbeid etter fullført læretid.

 

Kontakt

Dagbjørn Myklebust
Head of Administration UEI
Telefon: +47 905 45 468
E-post: [email protected]

Hanne Notøy
HSE/Trainee Responsible
Telefon: +47 975 58 816
E-post: [email protected]

Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen. 

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
 

Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft,  ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.