Elektro kabeltrekking

Operatør Elektrostål

Ulstein Elektro Installasjon

Søknadsfrist: 31.05.24

Vil du jobbe med elektroinstallasjon i eit engasjert team?

Ulstein Elektro Installasjon, som er eitt av selskapa i skipsbyggingsdivisjonen i Ulstein Group, er inne i ei spennande fase med fleire kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire tilsette i teamet vårt. 

Vi er på jakt etter deg med interesse for skipsbygging og skipsoppgradering. Hos oss vert du utfordra gjennom spennande oppgåver, og vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg. Intervju vil bli gjennomført fortløpande. 

Korleis er det å jobbe i Ulstein Elektro Installasjon?

Det å jobbe på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spennande og utfordrande oppgåver som skal løysast, og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. Vi har gode produksjonsfasilitetar og det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon. 
 

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 31.05.24

Bedrift: Ulstein Elektro Installasjon AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Operatør Elektrostål

Tal stillingar: 3

Fulltid / deltid: Fulltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Operatør Elektrostål

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Oppgåver du vil jobbe med

Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:

  • Montering og sveising av ulike kabelgater og gjennomføringar
  • Bygging, sveising og montering av fundament
  • Inntransport av større elektrokomponentar
  • Vere behjelpeleg med diverse elektroarbeid som t.d. kabeltrekking  
     

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Det er ønskeleg med relevant fagbrev, t.d. som industrimekanikar eller platearbeidar.

Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene våre.

Lagånda står sterkt i Ulstein og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre, og gjere Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss.

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

Ulsten Elektro Installasjon byr på variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. 

I hjartet av Sunnmøre

Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvikog kommunane rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar,badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane

Kontakt

Atle Moldskred
Department Manager Production
[email protected]

Dagbjørn Myklebust
Head of Administration
Telefon: 905 45 468

Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Elektro Installasjon er ansvarleg for elektrisk installasjonsarbeid om bord i fartøy ved Ulstein Verft. Selskapet er, saman med Ulstein Verft,  ein del av forretningsområdet Shipbuilding, som held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon. Selskapa bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi, i tillegg til å utføre ettermarknadstenester.