Good humour makes the day bright

Operatørar Rigg & Service, med og utan fagbrev

Ulstein Verft

Søknadsfrist: 20.05.24

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?

Ulstein Verft er inne i ei spanande fase med fleire signerte kontrakter på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire operatørar og hjelpearbeidarar i teamet vårt. 
 

Vi er på jakt etter deg med interesse for skipsbygging og skipsoppgradering. Hos oss vert du utfordra gjennom nye oppgåver og vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg.

Personleg utvikling er viktig for trivsel, så om du ikkje har alle kvalifikasjonane vi er ute etter, vert du likevel oppmoda om å søkje.

Korleis er det å jobbe i Ulstein Verft?

Det å jobbe på eit skipsverft er sosialt og lærerikt. Arbeidsdagen er prega av spanande og utfordrande oppgåver som skal løysast og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak foregår innandørs i vår utrustnings- og dokkhall. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, påliteligheit og leveringspresisjon. 

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 20.05.24

Bedrift: Ulstein Verft AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Operatørar Rigg & Service, med og utan fagbrev

Heiltid / deltid: Heiltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Operatørar Rigg & Service, med og utan fagbrev

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Korleis er det å jobbe i Ulstein Verft?

Oppgåver du vil jobbe med

Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blandt anna innebere:

  • Stilasbygging
  • Køyring av kran
  • Intern transport
  • Inn- og utdokking av skip
  • Halde orden på anlegg og prosjekt under arbeid

Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

Mange av våre tilsette ved avdelinga har fagbrev som riggar. Manglar du fagbrev? Vi kan vere behjelpeleg med å få tatt dette hos oss. 

Mange av oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Vi er ute etter deg med kurs som maskinførar M4, og det vil vere nyttig med krankurs G3 og G4,  teleskoptruck C1 og C2, truckførarbevis T4 og godkjent stilasbyggjar over 9 meter.  Har du ikkje dette, vil vi vere behjelpeleg med naudsynt opplæring. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene våre.

Lagånda står sterkt i Ulstein og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre og gjere Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss.

Kvifor velje Ulsten som arbeidsplass

Ulstein Verft byr på variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordnignar og fleksitidsavtale for våre tilsette. 

I hjartet av Sunnmøre

Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunene rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane

Kontakt

John Hatløy
Arbeidsleiar
Telefon: 994 37 058

Stig Slettebakk
Department Manager - Outfitting & Steel
Telefon: 915 81 013

Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.