SX120 UPC

Senior Engineer Power Systems

Ulstein Power & Control

Søknadsfrist: 06.03.24

Ulstein Power & Control er Ulstein Group sitt systemintegrasjons- og serviceselskap, og leverer avanserte maritime kraft- og automasjonssystem til kundar i inn- og utland.

I  stillinga som Senior Engineer Power Systems, bidreg du i eit innovativt og engasjert miljø, med høve til personleg og fagleg utvikling. Du vert ein del av eit fagleg sterkt team som er sentralt i utviklinga av berekraftige kraftsystem til nybygg og retrofit. Har du erfaring med, eller ønskje om å arbeide med DC- og/ eller MV-system vil det være ein fordel.  
 
Vi ser etter kandidatar som ønskjer å påverke og skape resultat i samarbeid med andre, og utøve verdiane våre gjennom å «Innovere, engasjere og avansere». 

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 06.03.2024

Bedrift: Ulstein Power & Control AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Senior Engineer Power Systems

Tal stillingar: 1

Fulltid / deltid: Fulltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Ledig stilling: Senior Engineer Power Systems

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Ansvar og arbeidsoppgåver

Som Senior Engineer Power Systems vil du få molegheit til å delta aktivt i utvikling av løysningar knytt til det grøne skiftet. Du vil delta i utvikling av framtidig Powerarkitektur og få ansvar for engineering, oppfølgning og kontroll av prosjektleveransar.

Andre relevante arbeidsoppgåver er:

  • systemintegrasjon av Power- og automasjonsløysingar
  • design og oppfølging av Powerløysingar
  • teknisk støtte til serviceingeniørar

Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vi ønsker å komme i kontakt med deg som har høgare utdanning innen elektro. Du har god forståing og interesse for marine kraftsystem og automatisering, samt kjennskap til skipssystem og maritim industri. Teknisk erfaring fra skip blir vektlagt, men vi vil også vurdere nyutdanna.

Videre ser vi for oss at du har

  • kompetanse på kortslutningsberekningar og selektivitetsanalysar
  • gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • vilje til å søkje ny kunnskap og dele erfaringar

Ulstein tilbyr

  • Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
  • Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, god pensjonsordning og gode forsikringsordningar.


Arbeidsstad vil vera ved kontoret vårt i Ulsteinvik. Vi tilbyr god fleksibilitet og har også eit kontor i Breivika, Ålesund, som kan nyttast.

Kontaktar

Marita Stakkestad Hanstveit
Rekrutteringspartner HAMNØY AS
Telefon: 452 53 909

Jan Tore Hamnøy,
Rekrutteringsparner HAMNØY AS
Telefon: 411 02 200

SX222 ULSTEIN June23 Power System See Through blue 85pst

Om Ulstein

Ulstein er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. Ulstein har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Power & Control AS tilbyr service- og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.