The adjustable pedestal has now been installed on the Windea Leibniz.

Service Coordinator Aftermarket

Ulstein Verft

Søknadsfrist: 13.02.2025

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?

Ulstein Verft byggjer avanserte spesialfartøy og tilbyr eit breitt spekter av tenester innan nybygg og ettermarknad. Vi er inne i ei spennande periode med mange kontraktar og skal no utvide teamet vårt med ein ny ressurs for vidare utvikling av ettermarknadsområdet vårt. 

Vi ser etter deg med interesse for maritim industri og skipsbygging samt med ei interesse for sal og prosjektgjennomføring. Du vil få interessante og utfordrande oppgåver i Ulstein Verft si ettermarknadsavdeling.

Arbeidsoppgåver

  • Koordinere eksterne og interne samarbeidspartnarar
  • Bidra med å selje inn prosjekt for gjennomføring ved eksterne lokasjonar og ved eige anlegg i Ulsteinvik
  • Prosjektleiing og -oppfølging ved behov på eksterne prosjekt.
  • Ansvar for reservedelssal
  • Følgje opp servicepartnarar og partnaravtalar
  • Bidra i kalkulasjonsarbeid for nye ettermarknadsprosjekt

Kvalifikasjonar og erfaring 

  • Erfaring frå tilsvarande stillingar, gjerne innan vedlikehald og reservedelssal
  • Kjennskap til skipsreparasjon samt bygging eller drift av offshoreskip.
  • God teknisk innsikt vil vere ein fordel saman med gode forhandlingsevner.

Praktiske opplysingar:

Søknadsfrist: 13.02.25

Bedrift: Ulstein Verft AS

Arbeidsstad: Ulsteinvik

Tittel: Service coordinator aftermarket

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tilsettingstype: Fast stilling

Stillingsprosent: 100

Ledig stilling: Service coordinator aftermarket

I over 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for den maritime næringa. Bli med på reisa vidare. 

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

Ulstein Verft byr på ein variert og interessant jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Vi er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar samt fleksitidsavtale for våre tilsette. 

Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap som vert assossiert med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon!

I hjartet av Sunnmøre

Ulsteinvik og kommunane rundt er ein flott stad i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Vi er omkransa av fjell og turterreng, og det er kort veg til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane.

 

Kontakt

Martin Sundgot Hansen
Sales Manager Aftermarket
Telefon: 400 73 247
[email protected]

Ann-Kristin Hatløy Fiskaa
HR advisor
Telefon: 7000 8023
 

Ulstein Verft DJI 0125

Om Ulstein

ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.