PES8393

Rørbøying

Kvalitetsrør sidan 1996. 

Kaldbøying av rør for auka haldbarheit og rask leveringstid.

Ta kontakt
PES8386

Prefabrikasjon av rør

Røravdelinga ved Ulstein Verft har sidan 1996 tilbode prefabrikasjon av rør til fartøy. Denne servicen starta ved eit behov for å ha kontroll på ein essensiell del av leveringskjeda når vi bygger skip ved verftet. 

I dag tilbyr røravdelinga tenestene internt til prosjekt ved verftet for nybygg og ettermarknadsoppdrag,  men vi har også mange prosjekt ut til eksterne kundar. 

Hos oss kjem du raskt i gang. Det er ikkje behov for ISO teikningar - får vi bilete og nokre mål er det nok for å starte opp rørproduksjonen.

Kaldbøying av rør

Vi har kort produksjonstid, lang erfaring og DNV-sertifisert produksjonsområde. Rørbøyemaskinene tek rør frå ND50-ND200.

Kaldbøying av rør er ein produksjonsprosess med fleire fordelar: 

Sterkare rør
produksjons­prosessen gir mindre spenningar i røret
Sikrare rør
færre sveiseskøytar og mindre fare for lekkasjar
Effektive rør
mindre svinn og energibruk kuttar kostnadar og sparar miljøet
Raske rør
effektiv produksjon med kort leveringstid.
Tor-Erik Agledal

Snakk med oss om:

  • Kaldbøying av rør og prefabrikasjon
  • NDT kontrollering
  • Montering
  • Trykktesting
  • Prøving av tettleik
  • Galvansiering/ maling
  • Teikning av ISO rør og optimalisering av eksisterande ISO teikningar

Ta kontakt

Tor-Erik Agledal
Section Leader Pipe Bending

Fasilitetar ved verftet

Ulstein Verft er eit kompakt og komplett verft for å betena behova dine.

Yno 302 at Ulstein Verft being launched from the dock hall

Tørrdokk og dokkhall

Det kontrollerte miljøet i ei tørrdokk gir ei optimal ramme for skipskonstruksjon og skipsreparasjonsprosjekt. Beskytta frå elementa kan arbeidarane våre arbeida trygt og effektivt, upåverka av dårleg vêr eller turbulent sjø. 

Paintwork on the PX121 designed platform supply vessel NAO Thunder. Photo: Karl Otto Kristiansen.

Overflatebehandling og grunning

Ved Ulstein Verft har vi lang fartstid på overflatebehandling av skrog. Dokkhallen gir oss gode fasilitetar og jobbe i og arbeidet får eit perfekt resultat. 

Service aftermarket

Kranløft og transport

Vi leverer krantjenester, tungløft og transport med lekter. Ved å kombinere bruken av beltekran, lekter og multiwheeler kan vi gjere oppdrag både på land og langs kysten.

Verftet Blue Skip 2015

Mobilisering og demobilisering

Vi tilbyr utmerka logistikkhandtering for å sikre effektiv mobilisering og demobilisering av utstyr for fartøy.

PES8393

Rørbøying

Kvalitetsrør sidan 1996. 

Kaldbøying av rør for auka haldbarheit og rask leveringstid.