Concept designs ULSTEIN THOR and ULSTEIN SIF joint operations

Er Thors superkrefter svaret på nullutslepp i skipsindustrien?

Ulstein si annonsering av eit thorium-drive fartøyskonsept har skapt stor merksemd i marknaden. Som skipsbyggar og skipsdesignar ønskjer vi å ta konseptet frå teiknebrettet til ei realisering. Er dette løysinga industrien og samfunnet har leita etter for ei berekraftig maritim framtid?

Publisert
05 juli 2022
Del

Skipskonseptet, eit 149 meter langt design for etterfylling, forsking og redning (3R = (Replenishment, Research and Rescue) med ein thorium-saltsmeltereaktor, overraska både industrien og samfunnet elles. Annonseringa på cruisemessa Seatrade i Miami i slutten av april utløyste ei bølgje av førespurnader frå media, frå fagpressa til nyheitsplattformer som CNN, og var starten på ei rekkje samtalar om thorium som ei av dei mest levedyktige kjeldene til rein energi for den internasjonale sjøfarten.
 

Ulstein sin sjefsdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg blei gledeleg overraska over responsen:

– Vi var sjølvsagt spente på reaksjonane, men hadde inga aning om at det ville ta av på denne måten, at interessentar frå det maritime miljøet og utanfrå skulle sjå potensialet og dei store moglegheitene, både kommersielt og med tanke på miljøet, som ligg i dette konseptet.

Han held fram:

- Eg trur tidspunktet vi lanserte dette på har vore avgjerande. Vi har vurdert thorium og kjernekraft i fartøy sidan 2008, men vi kunne ikkje vite om industrien var klar for det. Men no veit vi at det er han!

"Spørsmålet er, korleis kan vi ta steget frå teiknebrettet til å bli ein pådrivar for ein berekraftig maritim industri? Dette er det neste, kritiske steget ... Og vi er ikkje åleine om å vere ivrige på å kome vidare."

Concept design ULSTEIN THOR replenishment powering closeup

Thor kjem til unnsetning

Kamsvåg si referanse til konseptet som ‘ein nøkkel til realisering’ er eitt av aspekta som stimulerte interessa, då Thor er så mykje meir enn eit enkeltståande fartøykonsept.

Ved lanseringa presenterte Ulstein denne ideen som ein metode for å lade eit heilelektrisk cruiseskipskonsept, Ulstein Sif, for å demonstrere at Thor-konseptet er kommersielt levedyktig. Potensialet er langt større enn dette, avslører Kamsvåg, og legg til med eit smil:

"Thor har superkrefter, ikkje sant?"

 

Nullutslepp, forsking, påfyll, redning, naudstraum...

- Desse kreftene kan også nyttast i ei mengde applikasjonar og som operasjonell kapasitet. I tillegg til nullutslepp, påfylling av straum, og forskings- og redningsfunksjonaliteten, kan fartøyet sin reaktor mellom anna bli brukt som naudstraumforsyning for område som er ramma av naturkatastrofar, epidemiar eller konfliktar.

- Tilsvarande kan dei bli brukte som ein del av samfunnet sin fornybare energimiks og kompensere for skiftande kraftforsyningar, for eksempel frå havvindparkar, ved å styrke straumnettverka. Den enorme kraftkapasiteten som er tilgjengeleg kan også nyttast til å produsere alternative drivstoff, eller syntetisk brensel gjennom eit CO2-raffineri, eller til å levere landstraum i hamner.

- På toppen av denne funksjonaliteten kjem dei ulike skipstypane der Thor anten kan bli brukt til å lade opp heilelektriske skip, eller der integrerte saltsmeltereaktorar vert plasserte i fartøy som den primære straumkjelda. Då snakkar vi om store delar av skipsindustrien. La oss sette i gong!

 

Morgondagens løysingar i dag

For mange er Ulstein kjend for å levere innovasjonar som fører til paradigmeskifte i bransjen. Dei mest kjende er X-BOW og X-STERN; bakoverlente skrogformer som pløyer gjennom havoverflata og leverer høgare operasjonsevne, komfort, funksjonalitet og energieffektivitet. I juni i år signerte selskapet sin første designkontrakt på eit TWIN X-STERN serviceskip for havvindindustrien med kombinerte metanol-/diesel-generatorar. Kontrakten syner korleis Ulstein tar ei effektiv og stegvis tilnærming på vegen mot framtidas nullutslepp.

- Vi designar alltid med tanke på den beste løysinga for oppgåvene som skal gjerast, seier Kamsvåg, men vi er styrte av visjonen vår om ‘å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar’. Dette er ei drivkraft alle innovasjonane våre, frå X-BOW til dagens hybride og elektriske løysingar, og Thor er tett kobla til denne kreative «raude tråden».

Det som verkeleg skapte overskrifter med Thor-konseptet var bruken av saltsmeltereaktorar som fungerer ved at Thorium, eit metall med lav radioaktivitet og som finst i store mengder i naturen, vert løyst opp i flytande salt. Den påfølgande kjedereaksjonen varmar opp saltet og produserer damp. Denne driv ein turbin som produserer straum. Teknologien er utprøvd og sikker, men inntil Ulstein kom opp med Thor-konseptet hadde den enno ikkje blitt nytta i eit skipsdesign.

- Det er denne energikjelda og korleis den har vorte innarbeidd i Thor som har stimulert merksemda frå interessentar, seier Torill Muren, leiande skipsdesignar i Ulstein Design & Solutions.

 

Gjer endring mogleg

- Thor fungerer i hovudsak som ein flytande, mobil, fleirbruks-kraftstasjon, seier ho, ein stasjon som aldri treng å fylle drivstoff og som med eitt skaper den infrastrukturen til havs som trengst for å legge til rette for ein ny batterirevolusjon.

- I Thor sitt tilfelle vil «kraftstasjonen» tilby ladekapasitet for å tilfredsstille kraftbehovet til eksempelvis fire ekspedisjonscruiseskip (Ulstein Sif), i tillegg til å tilby forskingsfasilitetar for polare operasjonar, og fungere som eit redningsfartøy for fjerntliggande regionar der det ikkje finst beredskapskapasitet.

- Vi ser dette som den manglande brikka i puslespelet for å gjere trygge, berekraftige operasjonar mogleg, kvar som helst på jorda. Dette konseptet har evna til å transformere bransjen vår.

ULSTEIN THOR Oyvind Gjerde Kamsvag and Torill Muren
- Vi ser på ULSTEIN THOR som den manglande brikka i puslespelet for å gjere trygge, berekraftige operasjonar mogleg. Dette konseptet har evna til å transformere bransjen vår, seier Øyvind Gjerde Kamsvåg og Torill Muren i Ulstein.

Eit spørsmål om infrastruktur

Den manglande brikka i puslespelet. Nullutsleppsløysing. Det er dette potensialet som verkeleg set fantasien i gang.

Innan det maritime er der enno ikkje på plass ei nullutsleppsløysing, og det er ein pågåande debatt om kva drivstoff som vil vere ‘det rette’. Batteri er allereie etablert innanfor enkelte segment, og når framtidas batteri vert utvikla og tilgjengelege kan Thor overføre denne utviklinga til andre relevante segment.

Igjen, det er eit spørsmål om infrastruktur.

– Sjå på innføringa av elbilar her i Noreg, seier Kamsvåg som ei samanlikning.

- 65 prosent av alle bilane som blei selde i Noreg sist år var elektriske, og talet steig til 84 prosent i januar 2022. Ingen som treng bil har noko ønske om å øydelegge miljøet, men ladeinfrastrukturen må vere på plass for at det skal gi meining i å byte til nullutslepp-transport; noko som er oppnådd med stor suksess i Noreg. Thor eller eit tilsvarande konsept er løysinga for å etablere den same ladeinfrastrukturen til sjøs.

Han held fram: - Dette er ei unik, kommersiell moglegheit. Kvifor kjøper ikkje nokon, ein ressurssterk person eller selskap, ein flåte av Thor-skip og opprettar eit nettverk av flytande ladestasjonar for grøn frakt? Det er ei fantastisk moglegheit for ein ny og berekraftig inntektsstraum. Moglegheitene har nesten ingen grenser.

 

Skaper interesse

‘Grenselaus’ er eit ord som også kan fungere for å skildre interessa for Thor.

- Vi har fått mange førespurnader frå media og andre som er ivrige etter å finne ut om det er mogleg å gjennomføre konseptet. Og alt har vore positivt, seier Muren.

- Vi hadde forventa noko motbør, seier ho, men bortsett frå nokre få kommentarar her og der på sosiale media, har det vore samstemt entusiastisk. Klasseselskapa vi har snakka med er ivrige etter å skubbe på og sjå på moglegheitene for å utarbeide prinsippgodkjenningar. Forskinga skyt også fart, med nyleg støtte frå Forskningsrådet til eit maritimt kjernekraftprosjekt ved NTNU.

- Vi veit at teknologiutviklarar og leverandørar tydeleg ser potensialet, flaggstatar har så langt verka veldig positive, og framoverlente kundar er fascinerte av ideen om ei påliteleg, utsleppsfri og stabil kraftkjelde.

 

Akselererer innovasjon

Med dette kjem temaet ‘timing’ opp på nytt, og Øyvind Gjerde Kamsvåg seier at lanseringa kom til rett tid.

- Krigen i Ukraina og den skiftande geopolitiske situasjonen har vist behovet for energisikkerheit, eller til og med sjølvforsyning, medan det svært presserande kravet om overgang til meir berekraftige måtar å gjere forretning på står øvst på alle sine planar. Vi må iverksette tiltak for endring, og Thor og thorium viser ein konkret veg vidare.

MEN ER DET GJENNOMFØRBART? KAN DET FUNGERE? OG NÅR?

Kamsvåg er overtydd om at saltsmeltereaktorar er ideelle for det maritime området, og peikar på at andre nukleære løysingar allereie er i bruk på for eksempel hangarskip og ubåtar.

– Saltsmeltereaktorar er eit enklare og tryggare alternativ. Utviklarar av teknologi er allereie godt i gang med analoge prosjekt som kraftflåtar og avsaltingsanlegg, og interessa er der - så ‘ja’ er mitt eintydige svar på dei to første spørsmåla, understrekar han.

MEN NÅR?

- Dersom eg vart spurd om å gi eit konservativt estimat, ville eg ha sagt 10 til 15 år før alle brikkene er på plass for å realisere Thor. Men med eit så veldig tydeleg behov, ligg det i den menneskelege natur å sette inn ein ekstra innsats på nyvinning for å oppnå målet. Berre sjå kor raskt ei covid-vaksine blei utvikla, testa og godkjend. Eit tiårs godkjenningsløp blei til eitt år fordi vi ikkje hadde noko val.

- Og har vi eit val om nullutslepp i den maritime industrien? Nei, vi har ikkje det, avsluttar han og legg til:

"Det er tid for Thor."

 

 

Concept design ULSTEIN THOR replenishment powering

Ta kontakt

Øyvind Kamsvåg DSC4257 comp bw

Øyvind Gjerde Kamsvåg

Beskrivelse
Chief Designer
Tilknytning
Ulstein International AS

Siste nytt

Øyvind Kamsvåg DSC4257 comp bw

Øyvind Gjerde Kamsvåg

Chief Designer

Tilknytning
Ulstein International AS