Preparation keel laying Acta Yno 1121

Kjølstrekk for Acta Marine sin CSOV

Kjølstrekk-seremonien for bygg 1121 ved Tersan Shipyard, ein av dei Ulstein-designa TWIN X-STERN CSOV-ane for  Acta Marine, vart halden den 1. juni 2023. 

Publisert
19 juni 2023
Del
  • SX216 Acta Oct22 Veth Prop Logo Update Sea SB Side

CSOV står for Construction Service Operation Vessel, og er eit servicefartøy for havvindindustrien. DP2-skipet har hybridframdrift med metanol og MDO/HVO. Acta sine fartøy var dei første CSOV-ane som tok i bruk TWIN X-STERN.

Ulstein sine design for havvind-serviceskip er utvikla for å effektivt støtte oppstart, drift og vedlikehald av havvindparkar. Alle dei fire CSOV-fartøya for Acta Marine er baserte på ULSTEIN SX216 -designet. SX216-fartøyet har ei lengd på 89,9 meter, ei bredde på 19,2 meter og har plass til opp til 135 personar. Det har ei 'walk-to-work' (W2W), rørslekompensert gangbru for trygg overføring av personell til turbinane og ei 3D-rørslekompensert kran for lastoverføring. Det kan også bere med seg eit dotterfartøy for transport i havvindparken.

Ta kontakt

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

DJI 20240821190225 0194 D HDR 319 utdokking web
Oppdatering

Sjøsetting av Olympic sitt andre CSOV-skip

På onsdag 21. august 2024, ein månad etter leveringa av 'Olympic Boreas', sjøsette Ulstein Verft 'Olympic Notos',  som er det andre havvindskipet av typen Construction Service Operation Vessel (CSOV) for Olympic. Begge fartøya er baserte på den innovative TWIN X-STERN-løysinga, eit konsept omtala som ein ‘firehjulstrekk' for havet.

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Sales Manager

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS