Gunvor Ulstein har tidlegare vore konsernsjef i Ulstein Group i nærare 22 år og representerer tredje generasjon i det familieeigde konsernet. Då ho gjekk av som konsernsjef i 2020, var det for å halde fram engasjementet sitt i Ulstein gjennom ulike styreposisjonar i konsernet og som styreleiar i Ulsmo, som er majoritetseigaren av Ulstein Group.
- Vi vil takke Cathrine for den innsatsen ho har lagt ned i Ulstein gjennom ni år, først som finansdirektør og dei siste tre åra som konsernsjef, og vi ønskjer henne alt det beste framover, seier Tore Ulstein, styreleiar i Ulstein Group.
Ulstein har ei ordrebok på fem nybygg, fire CSOV-skip og ein kabelleggar, og har eit omfattande ettermarknads- og serviceprogram. Designselskapa våre leverer design for bygging over heile verda. Ulstein stadfestar med denne ordrereserven posisjonen sin som ei drivande kraft i den maritime industrien og er godt posisjonert til å fortsette å leie an i den maritime industrien i åra som kjem.