Gunvor Ulstein photo Marius Beck Dahle

Gunvor Ulstein utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group

I november 2023 kom den tidlegare konsernsjefen i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, tilbake som konstituert konsernsjef. I eit styremøte i Ulstein Group den 25. januar 2024 vart ho utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group.

Publisert
29 januar 2024
Del

Tore Ulstein er styreleiar i Ulstein Group, og han er nøgd med at Gunvor tek på seg rolla som konsernsjef. 

- Gunvor Ulstein representerer tredje generasjon i Ulstein Group. Ho har hatt fleire stillingar i Ulstein, men allereie som 29-åring i 1999 tok ho på seg toppleiarrolla, ei stilling ho hadde i nesten 22 år, fram til 2020. Gunvor representerer kontinuitet, og ho har leia konsernet gjennom oppturar og nedturar.

- Ulstein sin strategi er berekraftig vekst, internasjonalisering og innovasjon. Vi er ein solid og langsiktig partnar, som bidreg til at kundane våre får auka konkurransefortrinna og redusert risikoane dei møter. 

I meir enn hundre år har Ulstein levd opp til forventingar i marknaden, og har vore nytenkande og nyskapande. Med skaparglede skal vi kombinere ferdigheiter, kunnskap og kreativitet for å kome med nye konsept, løysingar og produkt som kan løfte den maritime sektoren inn i framtida. Gunvor Ulstein er opptatt av å skape resultat saman med alle våre dyktige tilsette. Vi er trygge på at ho vil spele ei nøkkelrolle i å realisere Ulstein sitt potensial i åra som kjem, konkluderer Tore Ulstein.

Gunvor Ulstein photo Marius Beck Dahle

Relaterte nyheiter

Ulstein Verft DJI 0125
Pressemelding

Endra leiing i Ulstein Group

Konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti, har valt å  takke ja til ei ny moglegheit utanfor konsernet og seier dermed opp stillinga si. Tidlegare konsernsjef Gunvor Ulstein går inn som konstituert konsernsjef frå 29. november 2023.