The platform supply vessel Normand Aurora of the P105 design.

Atlantica Supplier

Namn ved levering: Normand Aurora. Eit relativt stort plattformforsyningsfartøy av ULSTEIN P105-design, designa for å frakta ei last på nærare 5000 tonn, av dette 2840 tonn som dekkslast. Fartøyet har eit dieselelektrisk framdriftssystem. Det er det første fartøyet av Ulstein-design som vart bygd utanfor Ulstein sitt eige verft.

Year
2005
IMO Number

Primary specifications as built

Length
86 m
Beam
19 m
Dead weight
4700 tonnes
Speed (max)
13 kn
Accommodation
26 POB
Deck area
1010 sqm

Additional Data

Deck cargo
2840 t
Fresh water
810 cbm
Drill water
2300 cbm
Brine
400 cbm
Mud
970 cbm
Note: Specifications may have changed since the original completion date.
Classifications: DNV+1A1, SF, E0, DYNPOS-AUTR, CleanDesign, NAUT-OSV(A), COMF-V(3), DK(+), HL(+), ICE-C, OffshoreServiceVessel

Skipshistorie

Ulstein Group har ei historie som daterer seg tilbake til 1917, men ei stor endring skjedde i 1999, då delar av selskapet vart seld. Ein klausul i salskontrakten innebar at Ulstein sine skipsdesign ikkje kunne seljast for bygging utanom eige verft før etter fem år, det vil seie i 2004.

Det første designet av ULSTEIN-design som vart bygd eksternt etter dette, var 'Normand Aurora', levert frå det nederlandske verftet Merwede i 2005.

Alle designteikningane vart leverte av Ulstein Design & Solutions AS, saman med ei omfattande utstyrspakke.

- Det var viktig for Merwede at Ulstein sitt designselskap ligg i tilknyting til eit aktivt skipsverft. Dei samarbeider nært med verftet, som dei får kontinuerlege tilbakemeldingar frå. På denne måten kan eit design utvikle seg i samsvar med verftet sine framlegg og behov, fortalde Peter van der Poel, Merwede sin prosjektleiar. Merwede har ei historie tilbake til 1902, og 'Normand Aurora' var det første skipet som dette verftet ikkje sjølv hadde designa.  I dag er verftet ein del av Royal IHC. 

I juni 2017 slo Deep Sea Supply, Solstad Shipping og Farstad Shipping seg saman til eitt reiarlag, som frå 1. oktober 2018 heitte Solstad Offshore.

I juli 2022 blei Normand Aurora seld til Atlantic Shipping AS og fekk namnet Atlantica Supplier.

IMO 9329435