
Normand Ranger
Eit ankerhandteringsfartøy av typen VS 490. Normand Ranger er eit kraftig ankerhandteringsfartøy med ei slepekraft på 287 tonn. Fartøyet er utstyrt med ein Multi Deck Handler og ei ankerbergingsramme for sikre ankerhandteringsoperasjonar på dekk.
Primære spesifikasjoner som bygget
Tilleggsdata
Ship history
Skipshistorie
Ulstein Verft vann kontrakten med GIEK og Sparebank 1 SR-Bank om ferdigstilling av eit stort ankerhandteringsfartøy for Solstad. Skipet kom frå det konkursramma Karmsund Maritime Service AS, og vart ein viktig brikke for å fylle opp produksjonskapasiteten ved Ulstein Verft.
- Solstad har vore ein viktig kunde for Ulstein i ei årrekkje, og dette er ei moglegheit til å gjenoppta det tette og gode samarbeidet vi har hatt tidlegare. Vi har samarbeidd om fleire prestisjeprosjekt tidlegare som til dømes bygginga av Normand Installer og Normand Seven. Sistnemnde vart Årets skip 2007. Vi ser fram til å kunne utvikle oss vidare saman med Solstad, sa dåverande administrerande direktør Karsten Sævik i Ulstein Verft.
Skipet er av typen VS 490 AHTS frå Wärtsilä Ship Design. Det er 91 meter langt, 22 meter breitt, har ei innreiing for 58 personar og får ei dødvekt på om lag 4500 tonn. Arbeidet på skroget vart stoppa i samband med konkursen, men vert slept til Ulstein Verft i midten av august 2009.
- Det å fullføre eit slikt prosjekt er krevjande, men Ulstein Verft er i ein svært god posisjon for å gjennomføre denne type prosjekt då vi har naudsynt kompetanse og kapasitetar i verksemda, fortalde Sævik.
- I og med at vi vart einige med Eidesvik om å utsette byggnummer 285 og 286, fekk vi ei opning til å ta på oss meir arbeid i perioda som bygg 290 no vil fylle. Dette er først og fremst viktig arbeid for engineeringsområdet vårt som elles ville fått mindre å gjere utover hausten 2009. I tillegg vil dette prosjektet også vere viktig for andre område i verftet, avslutta Sævik.
Normand Ranger vart levert frå Ulstein Verft 5. mai 2010.
I juni 2017 slo Deep Sea Supply, Solstad Shipping og Farstad Shipping seg saman til eitt reiarlag, som frå 1. oktober 2018 har namnet Solstad Offshore.
Feb. 2021: AHTS-skipet går inn på ein eitt-årskontrakt med oppstart andre kvartal 2021, som støttefartøy til eit større boreoppdrag utanfor nordvestkysten av Australia.