Idar Ulstein: Historia til Ulstein

Idar Ulstein, yngesonen til Martin Ulstein som etablerte Ulstein mek. Verksted, forma det moderne Ulstein Group. Han tok til å arbeide i Ulstein som 14-åring etter at faren hans døydde brått i 1948, og han var ein sentral del av selskapet fram til han gjekk bort i 2012. Her er hans historie.

Denne teksta er eit oppdatert intervju med Idar, Gunvor og Tore Ulstein, gjort i 2007 i samband med Ulstein Group sitt 90-årsjubileum. 

Ulstein mek. Verksted
Ulstein mek. Verksted, stifta av Martin Ulstein og Andreas Flø den 9. august 1917 i Ulsteinvik, starta som ein liten, mekanisk verkstad. Eitt hundre år seinare arbeider omlag 700 personar i seks land i selskapet, og forretningsområda femner om skipsdesign og systemløysingar, skipsbygging, kraft og kontroll og skipsinvesteringar. 

- Gjennom heile bedrifta si historie har det gått ein raud tråd om å ta forandringane som utviklinga fører med seg på ein konstruktiv måte, og stadig ekspandere for å  auke marknadsområdet. Gjennom det kan vi kome i kontakt med fleire kundar og dermed får vi ei større breidde i tilgangen på kompetanse utanfrå, seier Idar Ulstein.

Ulstein mek. Verksted vart etablert på grunnlag av ein revolusjon som skjedde langs kysten på byrjinga av 1900-talet, nemleg omlegginga frå segl til motor. Motorane skulle installerast, seinare vedlikehaldast og reparerast, og dette la grunnlaget for ein blomstrande verkstadsindustri langs kysten. Aktiviteten ved verkstaden var i hovudsak reparasjonar og seinare større ombyggingar av trebåtar, særskilt fiskebåtar. Allereie frå starten tok ein til å bearbeide propellar og propellstyringar, mange år før selskapet tok til med eigendesign av propellar. 

Torulf-1957.jpg#asset:2508:urlBil- og passasjerferja Torulf introduserte stålbygging ved Ulstein Mek. Verksted in 1957.

I 1957 vart det ein ny revolusjon i produksjonen; Då bygde Ulstein mek. Verksted den første stålbåten, ei ferje som skulle trafikkere strekninga Torvik-Ulsteinvik, og som dermed fekk namnet Torulf. Tidlegare hadde det vorte utført ti større ombyggingar av trebåtar som vart rekna som nybygg, derfor vart dette båt nummer 11. Ein ny kystrevolusjon i starten på 60-talet var at trafikken gjekk frå sjø til land. Det vart stort behov for ferjer som skulle knyte saman øyer og krysse fjordane, noko som gav ein kraftig oppsving i ferjebygginga. 

INTERNASJONALISERING

Idar fortel om internasjonaliseringa i verftsindustrien i Ulsteinvik: - Hatlø verksted, naboverftet og konkurrenten, var først ute. Allereie sist på 50-talet hadde dei bygd ei rekke linebåtar for Færøyane, Ulstein mek. Verksted kom etter midt på 60-talet ved å bygge linebåtar for Færøyane og  snurpebåtar og trålarar til Island. Seinare bygde vi roro- og pallebåtar for Nederland, lastebåtar for Danmark og passasjerbåtar for Sverige. 

PROPELLDESIGN

På denne tida var Idar teiknesjef i Ulstein. - Det var viktig for oss å kome i gang med ein eller annan form for produksjon. Vi hadde allereie skaffa oss ein viss kompetanse på reparasjon av framdriftspropellar. Det var difor nokså naturleg å starte innanfor dette feltet. I 1965 oppretta vi Ulstein Propeller som eige selskap. Ulstein Trading blei starta opp to år seinare. På slutten av 1960-talet og byrjinga av 1970-talet fekk vi kontraktar med Fred. Olsens rederi om å bygge to såkalla ”middelhavsskip” og to store bil- og passasjerferjer for trafikken mellom Kristiansand og Hirtshals i Danmark. Dette var store oppdrag for oss. Resultatet var svært godt og gav oss positiv sjølvkjensle til å profilere oss som profesjonelle skipsbyggarar.

RETT SATSING

Så kom oljen og oljealderen sist på 1960-talet. I denne perioden fekk vi jamnlege førespurnader om å bygge amerikanske design, men vi såg at desse skipa ikkje kunne vere særleg eigna for verforholda i Nordsjøen. Vi byrja å utvikle nye skipstypar sjølve, og delte skipa inn i ulike seriar. Offshoreskip var i UT700-serien, der UT står for Ulstein Trading. Skroga passa meir for Nordsjøen, dei var breiare og hadde større fribord slik at skipa kunne arbeide sikrare i grov sjø. 

- Dei to første offshoreskipa av eige design, UT704, vart leverte til Farstad Shipping i Ålesund og Seaforth Shipping i Skottland i 1975. Stad Seaforth-gruppa var eit samarbeids-pool mellom norske og britiske reiarar, og var samansett av fire ulike norske reiarlag og det skotske Seaforth. Vi bygde nye offshoreskip for alle desse fire reiarlaga, noko som påskunda offshoreaktiviteten for oss, understrekar Idar.

- I ettertid viser det seg at satsinga vår på offshorefartøy viste seg å treffe rett. Vi tok til å selje design til andre verft verda over, noko som utvida kontaktane våre i stort omfang både til internasjonale verft og reiarlag og samstundes gav økonomi til å drive ei omfattande verksemd på dette området. Dette gjorde at vi fekk utvikla oss mykje sterkare enn viss vi berre hadde levert skipsdesign til eigne verft. 

TIL STADES I 30 LAND

Det vart nedgangstider i norsk skipsbygging i andre halvdel av 1970-talet. Det vart galopperande inflasjon, men Ulstein Group kom seg velberga ut av dei vanskelege tidene. Selskapet ynskte å vekse både heime og ute. Selskapet hadde allereie kjøpt naboen Hatlø Verksted og fusjonert det inn i Ulstein mek, Verksted i 1974. I 1985 tok Ulstein over BMV-gruppa i Bergen med dekksmaskin- og motorfabrikk og verft. Seinare var det fleire oppkjøp ut over 1980- og 1990-talet og det vart starta  opp sals- og servicekontor i viktige hamnebyar i meir enn 30 ulike land for å kome nærare dei internasjonale kundane og yte betre service. Ulsteinkonsernet auka til meir enn 4000 tilsette, med ei omsetning på over fire milliardar kroner.

OPPKJØP

Ulstein Group gjekk på børs i 1997. I 1998 overtok Ulstein ein stor propellprodusent, Bird Johnson Co. Inc. i USA. Ulstein innleidde også ein diskusjon med Vickers Plc i London som då var eigar av det svenske KAMEWA, verdas største propellprodusent, om å finne ei eller anna form for samarbeid. Dette førte til at Vickers baud seg til å overta heile Ulstein sitt skipsutstyrsområde, og dette skjedde i 1999.

Vickers.jpg#asset:2509:url I 1999 kjøpte Vickers heile Ulstein Group, med unntak av skipsbyggingsområdet. Frå venstre: Vickers sin finansdirektør Andrew L. John, konsernsjef i Vickers Ulstein Marine Systems Morten Ulstein, president i Vickers Paul Buysse og konsernsjefen i Ulstein, Idar Ulstein.

- Eg var av den tru at konsernet kunne utvikle seg godt på eiga hand utan å selje. Då eg innsåg at Vickers ikkje var interesserte i skipsbyggingsdivisjonen, såg eg at vi ville ha noko tilbake å arbeide med. Den nye skipsbyggingssdivisjonen vart utskilt og fekk namnet UMV Holding, og danna grunnlaget for dagens nye Ulstein Group. Aktiviteten vart samla på Osneset, der tidlegare Hatlø Verksted, seinare Ulstein avd. Hatlø, hadde halde til. Ein avtale med Vickers gjorde at hovudaksjonæren Ulsmo ikkje kunne byrje med konkurrerande verksemd dei første fem åra, men vi kunne til dømes utvikle skipsdesign så lenge bygginga av skipa føregjekk ved eige verft. I 2000 etablerte vi Ulstein Design (i dag: Ulstein Design & Solutions AS), og tok til å utvikle Ulstein-design for eigen produksjon. 

DAGENS ULSTEIN

Idar Ulstein gjekk av som selskapet sin konsernsjef i 1997. Han var styreleiar då Ulsteinkonsernet gjekk på børs og heldt fram som styreleiar etter at Ulstein vart etablert på nytt. Dottera Gunvor Ulstein, som er siviløkonom, er konsernleiar i dag. Ho leier også selskapet Ulstein Shipping AS. Idar sin son Tore Ulstein, som har ei doktorgrad innan hydrodynamikk, er visekonsernsjef og styreleiar. Han er også administrerande direktør for Ulstein International som ser på moglegheitene for internasjonal vekst, og han er leiar for marknad og innovasjon i konsernet.

- Vi er på veg til å vekse igjen, men er veldig små i ein global samanheng, seier Gunvor. - Ulstein Group er framleis ei familiebedrift. Familiebedrifter kan lettare snu seg rundt og utnytte dei moglegheitene ein ser enn store tunge selskap. Vi har gjort investeringar som er unike her til lands, mellom anna dokkhallen over delar av den 200 m lange tørrdokka som gjer at ein kan bygge skip uavhengig av vêr og vind. Vi satsar kraftig på utvikling og kompetanseoppbygging. Med utgangspunkt i ei av verdas viktigaste maritime klynger på Sunnmøre, kan vi gjennom samarbeid med andre bedrifter i vårt område utvikle oss og ta opp den internasjonale konkurransen. Vi kan derimot aldri konkurrere på pris utan å samarbeide om produksjon av stål med bedrifter i lågkostland. Utan slikt samarbeid hadde vi ikkje fått kontraktar som sysselset den norske kapasiteten. Det er viktig for oss å konsentrere oss om den delen av skipsbygginga som krev høg kompetanse og som derfor toler eit høgare kostnadsnivå.

Idar_Gunvor_Tore.jpg#asset:2052:url Idar Ulstein saman med Gunvor Ulstein og Tore Ulstein.

NYE MOGLEGHEITER

- Når det gjeld skipsdesigna våre og produkta frå Power & Control-området, er marknaden å finne over heile verda. Skal vi kunne konkurrere må vi effektivisere på alle område, utvikle nye måtar å arbeide på og vekse internasjonalt, seier Tore, og legg til: 

- Vi har ein strategi på å vere offensive i utviklinga av nye produkt, ein aktivitet som er risikofylt og kostnadskrevjande og som femner vidare enn eigne behov. Vi skal vekse organisk og satse internasjonalt gjennom oppkjøp av andre bedrifter. Ekspansjon er den einaste moglegheita til å overleve på sikt.

Idar Ulstein konkluderer: - Vekst gir nye moglegheiter, og det er viktig å utnytte dei moglegheitene som ligg i endringar. Ein er nøydd til å kjempe med endringane, for ein har ikkje økonomiske krefter og storleik til å kjempe i mot, om ein det ville. Dette kan vere utfordrande og krevjande, men etter over 40 år i bransjen har eg gjort meg denne erfaringa: Folk set pris på å jobbe i eit konsern som vårt nettopp fordi dei heile tida møter store utfordringar. Utfordringane gjer det mogleg å realisere meir av seg sjølv, noko som er vesentleg for einkvar som må yte høg innsats.