NG Endurance as seen from port side aft, photo: Uavpic.com.

ABC News rapporterte frå første Antarktis-Cruise med 'Endurance'

I perioden 10.-18. november 2021 sendte ABC News direkte frå ekspedisjonscruiseskipet ‘National Geographic Endurance’ sitt første cruise til Antarktis. Skipet er det første av to cruiseskip for Lindblad Expeditions, og er søsterskip til 'National Geographic Resolution'. Begge skipa er designa og bygd av Ulstein.

Publisert
09 november 2021
Del
  • National Geographic Endurance in ice, photo courtesy Lindblad Expeditions.
  • Zodiac and seal, courtesy of Lindblad Expeditions.
  • Zodiac and iceberg, courtesy of Lindblad Expeditions.
  • Lindblad Expeditions cruise passengers photographing penguins, courtesy of Lindblad Expeditions.

ABC News gjer no ei vesentleg satsing på dekkinga av klimaendringar som ei oppfølging av FN sin klimakonferanse i Glasgow. I heile november månad vil mediekanalen vise ein serie med tittelen ‘Climate Crisis: Saving Tomorrow’ som spenner over sju kontinent. Serien skal undersøke årsak og risiko knytt til klimaendringar, og kva steg som må takast for å avgrense ytterlegare skade.
 

Sjå Lindblad Expeditions si pressemelding.

Første nyheitssending 10.november: 
'Good Morning America' heads through Drake Passage on way to Antarctica


 

"Klimaendringane er det største problemet mennesket har skapt"

Sven Lindblad, grunnleggaren av Lindblad Expeditions, er sjølvsagt med på turen. Gjennom reisene har Sven sett korleis naturen vert påverka av havforureining, og han er ein engasjert aktør i arbeidet for å ta vare på store havområde. Då Ulstein ved eit tidlegare høve intervjua Sven Lindblad, sa han følgjande:

- Det er heilt klart at klimaendringane er det største problemet mennesket nokon gong har skapt. Den einaste måten å kome seg ut av dette rotet som særleg våre born og barneborn vil kome til å møte, er å anerkjenne problemet og sette det i fremste rekke. Når ein tek folk med til polarområda får dei sjå isfjell høgare enn hus, og dei møter forskarar og spesialistar. Det gjer at dei utviklar eit kjenslemessig samband til problemet. Mange menneske med stor innverknad reiser med desse skipa, og eg har sett effektane på fleire ulike vis. Eitt resultat er eit fond som er stifta av National Geographic og Lindblad Expeditions der tidlegare passasjerar har donert 15 millionar dollar for å forbetre tilstanden til verdshava.

Utviklinga av ‘National Geographic Endurance’

Då Lindblad Expeditions først tok kontakt med Ulstein, var det fordi reiarlaget hadde blitt merksame på designløysinga X-BOW®. Denne gir mindre motstand i sjøen og forbrukar dermed mindre drivstoff.

- Gjennom samarbeidet med Lindblad og andre involverte utvikla vi eit fartøy, frå dei første skissene, vidare gjennom engineering og konstruksjon, til eit toppmoderne ekspedisjonscruisefartøy, basert på dei visjonane som skipseigaren hadde, fortel Terje Våge i Ulstein Design & Solutions AS. Han var leiande skipsdesignar i dette prosjektet.

Endurance and Terje Vage

Sjå vårt cruisewebinar om Linblad-skipa

Våge held fram:

- Miljø og sikkerheit heng saman. Det er mange reglar og forskrifter som gjeld for design og konstruksjon av alle skip. For eit cruisefartøy som skal til polare, aude område, må ein ta med nokre ekstra forhold i utviklinga av skipet. ‘Polar-koden’ og ‘Safe Return to Port’-forskrifta stiller krav til auka sikkerheit for å beskytte fartøyet, alle om bord og miljøet. Det er verdt å nemne at ‘National Geographic Endurance’, som det første passasjerfartøyet, oppfyller isforsterkingsforskrifta ‘Polar Class (5)’. Dette aukar sikkerheita, og sesongen kan bli utvida ved å gå inn i polarområda tidlegare på våren når naturen er på sitt vakraste.

Storm at South Shetland Islands, Antarctica.


- To separate maskinrom og eit dobbelt framdriftssystem er ein del av den naudsynte auka sikkerheita. I tillegg gjer dei to roterande framdriftseiningane at manøvreringsevna vert forbetra, noko som er spesielt viktig i farvatn der det kan vere is. Og på grunn av potensielle lange reiser, er drivstoff- og proviantkapasiteten stor, noko som gjer at fartøyet er i stand til å operere i om lag 40 dagar utan nye forsyningar.

Iceberg floating near Antarctica.


'Endurance' er optimalisert for å gi låge miljøavtrykk

Det er dei strengaste marineforskriftene som gjeld i polare område og då vert det sett krav til utsleppa til luft og vatn. Motorane går på Marine Gas Oil med lavt svovelinnhald. Det er ingen drivstofftankar direkte ut mot skipssidene, noko som reduserer risikoen for oljesøl i sjøen ved ei ulukke.

- Fartøyet har eit behandlingssystem for ballastvatnet for å unngå spreiing av biologiske organismar frå eitt område til eit anna, og det er designa for å minimere påverknaden på livet i havet ved å forårsake lave støynivå i sjøen. For å minimere straumforbruket er all belysning basert på LED-teknologi og spillvarmen frå motorkjølevatnet og frå eksosgassen vert gjenvunne og brukte til oppvarmingsformål og ferskvassproduksjon.

- For Ulstein og den norske maritime klynga er ABC si deltaking om bord på ‘Endurance’ av stor verdi. Cruiseskipa som vert utvikla i klynga er langt mindre forureinande enn den eksisterande verdsflåten innan cruise, og miljøvennlege løysingar har vore inne i planleggingsarbeidet på ‘Endurance’ heilt frå starten, avsluttar Våge.

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

ULSTEIN Navy2025 Dec25 SB Duo
Artikkel

Ulstein-design for standardiserte sjømilitære fartøy

Med over 100 års erfaring innan skipsbygging er Ulstein ein sentral aktør i den norske maritime klynga, kjend for innovasjon innan skipsdesign og prosjektering av disse. Frå offshorefartøy som opererer i dei mest vêrharde havområda til ekspedisjonscruiseskip i polare strøk, har selskapet vist evne til å levere avanserte og pålitelege plattformer. Denne erfaringa er grunnlaget når Ulstein no utviklar konsept for standardiserte sjømilitære fartøy til Sjøforsvaret. Skipa skal dekke marinen sitt behov for avanserte, pålitelege og effektive fartøyplattformer. 

Sjøforsvaret
N Xyyy Navy v3 Nov25 Sea Mil Ops Interceptor SB Aft Low
Pressemelding

Verftssamarbeid for å realisere Sjøforsvarets standardiserte sjømilitære fartøy

Sjøforsvaret har ambisjon om å anskaffe serieproduserte, standardiserte sjømilitære fartøy. Dette stiller krav til skip som er allsidige, robuste og framtidsretta, men likevel kostnadseffektive å bygge. Få verft i Noreg kan møte denne utfordringa. Saman har Larsnes Mek. Verksted (Larsnes) og Ulstein Group (Ulstein) lang erfaring og gode referansar med design, bygging og vedlikehald av fartøy, og samarbeider for å tilby ei løysing som sikrar effektiv produksjon av sjømilitære fartøy.  

Sjøforsvaret