FX501 Prohav Oct24 Farm SB Fore Close Up2

Frå idé til ferdig bløggebåtdesign: ULSTEIN FX501 klar for neste steg

I 2024 inngjekk det nyetablerte selskapet Prohav eit strategisk samarbeid med Ulstein Design & Solutions om å utvikle ein ny generasjon bløggebåtar. Samarbeidet har resultert i designet ULSTEIN FX501.

Publisert
19 august 2025
Del

ULSTEIN FX501 er eit framtidsretta fartøyskonsept som kombinerer Ulstein si lange erfaring innan skipsdesign med ProHav sin banebrytande prosesskompetanse. Partane har jobba tett sidan samarbeidet starta, behova er avklart og designprosessen er ferdigstilt. 

- ProHav introduserer eit nytt fartøykonsept for bransjen med unikt design og framtidsretta metodar og prosessteknologi. Teknologien er under ein IPR-prosess, og det er no innhenta tilbod frå verft med mål om kontrahering i Q4 2025. Parallelt med dette pågår det kundedialogar. Vi ser stor interesse frå marknaden for ein bløggebåt med forbetra og nye løysingar, i tråd med mattilsynet sine krav og innspel frå vitenskapskomiteen sin rapport, seier CEO Ivar Sandneseng i ProHav.

Får brukt designkompetansen

– Dette er eit prosjekt der vi verkeleg får brukt kompetansen vår innan design for krevande operasjonar, seier skipsdesignar Bjørnar Hatløy i Ulstein. 

- Fartøyet er utvikla med tanke på biotryggleik og effektivitet, skånsam handtering og frakt. Skrogdesignet er optimalisert for gode rørsler og låg motstand, særleg under krevjande vêrforhold i kystnære farvatn. Her kjem ULSTEIN X-BOW til sin rett. Prosessanlegget skal representere eit paradigmeskifte for fiskevelferd, effektiv og skånsam bedøving, bløgging og kjøling med miljøvenlege løysingar og lågt energiforbruk, fortel han.

 - Vi har saman hatt fokus på miljøvenlege løysingar og lågt energiforbruk der skipet og prosessystema er integrerte, samstundes som der er ein modulær-tankegang for å halde følge med teknologiutviklinga. Denne bløggebåten vert eit framtidsretta og sikkert val for bransjen, avsluttar Hatløy.

  • FX501 Prohav Oct24 Farm SB Fore Close Up2
  • FX501 Prohav Oct24 v2 Farm SB Aft Close Up

Ta kontakt

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

Supervisor at Ulstein verft upload1
Artikkel

Tilsett i eit halvt århundre – og dei som nett har starta

Kva fekk ein no erfaren veteran, ein fersk ingeniør og ein lærevillig lærling til å satse på Ulstein, og korleis ser dei for seg framtida? Bli med inn i kvardagen til Adolf, Nicholine og Jonas, og få eit innblikk i eit arbeidsmiljø i stadig utvikling,  frå første arbeidsdag til over femti år med erfaring på same arbeidsplass.

Karriere