GLDD and Joe Biden2 web

Brennestart for steininstallasjonsskip ved Philly

Den 20. juli 2023 var den amerikanske presidenten Joe Biden til stades ved brennestartsseremonien for steininstallasjonsskipet 'Acadia',som er under bygging ved Philly Shipyard. Skipet er designa av Ulstein Design & Solutions B.V. og blir det første i sitt slag av amerikanskbygde fartøy.

Havvindkraft vil spele ei avgjerande rolle i å støtte USA for å nå målet om å redusere utslepp av klimagassar, og Philly Shipyard er ein del av dette ved å bygge steininstallasjonsskipet. Denne typen skip vert ofte omtalt som SRI-skip, ei forkorting som står for Subsea Rock Installation. 

Great Lakes Dredge & Dock (GLDD) rock installation vessel for the US offshore wind industry.

Reiarlaget er Great Lakes Dredge & Dock Company (GLDD), og skipet, som får namnet 'Acadia', vil vere viktig for å utvikle den amerikanske havvindkraftindustrien, inkludert å etablere ei USA-basert forsyningskjede for stein og hjelp til å nå Biden-administrasjonen sine ambisiøse mål om 30 GW havvindkraftproduksjon innan 2030. Ein estimerer at dette kan forsyne meir enn 10 millionar amerikanske heimar.

Skipet skal legge eit beskyttande lag av stein ved fundamenta til havvindturbinar med hjelp av eit fallrørsystem. Vidare vil det store og forsterka akterdekket på skipet gjere det til ein svært fleksibel ressurs for GLDD, då det mogleggjer spesialiserte operasjonar på havbotnen.

SRI-skipet er utforma for å frakte opp til 20 000 MT med stein. Det skal transportere og plassere desse steinane på havbotnen som eit grunnlag for monopålane som er den viktigaste støttestrukturen for havvindturbinar. Skipet vil ha ei samla lengd på 140,5 meter, ei breidde på 34,1 meter, og lugarkapasitet til 45 personar.

GLDD and Joe Biden2 web
Den amerikanske presidenten Joe Biden gjesta Philly Shipyard i samband med brennestart på det Ulstein-designa steininstallasjonsskipet.

Ta kontakt

Edwin van Leeuwen Ulstein 19 comp bw

Edwin van Leeuwen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions B.V.

Siste nytt

Ulstein Verft DJI 0125
Pressemelding

Endra leiing i Ulstein Group

Konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti, har valt å  takke ja til ei ny moglegheit utanfor konsernet og seier dermed opp stillinga si. Tidlegare konsernsjef Gunvor Ulstein går inn som konstituert konsernsjef frå 29. november 2023.

SX124 Shearwater Oct22 Transit In Waves SB Side 2
Oppdatering

Første tilbakemelding frå SW Tasman

Shearwater GeoServices sitt nykonverterte seismikkskip, 'SW Tasman', har vore i arbeid sidan juli 2023. Skipet har to ROV-ar, og oppgåver knytt til nodar, som tidlegare vart utførde av to skip, har no blitt gjennomført av berre eitt. Meir plass, enklare tilgang og gode løysingar i arbeidsarealet vert nemnde blant dei positive tilbakemeldingane frå mannskapet.

Edwin van Leeuwen Ulstein 19 comp bw

Edwin van Leeuwen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions B.V.