Bluewild fishing vessel catch reception

Fangstløysinga i ECOFIVE forklart

Trålfiske har alltid bydd på nokre utfordringar. ECOFIVE-løysinga frå Bluewild er ei ambisiøs satsing som vil halde kvaliteten på fangsten høg, og som vert realisert i ein fabrikktrålar utvikla av Ulstein Design & Solutions saman med rederiet. Ein forklarande animasjonsfilm i denne artikkelen forklarar fangstløysinga.

Publisert
13 juli 2023
Del

Trålfiske har alltid bydd på nokre utfordringar. Under trålhandtering oppstår det klemming, slitasje og blodflekkar på fisken, og i tørre mottaksbingar kan ikkje fangsten haldast i live over tid for å tillate restitusjon.

Korleis vert fangsten handtert i ECOFIVE-løysinga?

I ECOFIVE-trålaren vert ein ny metode brukt for å handtere fangsten av fisk og reker frå trål. Løysinga skal både redusere dødelegheit og redusere stress med mindre blod i kjøtet som resultat, og dermed gi høgre kvalitet på produktet.

Gaffelen vert køyrd opp og hindrar at trålen kan bevege seg tverrskips, og ein unngår klemfare for mannskapet. Fangsten ligg framleis i sekken under vatn. Trålringen blir leia inn i eit spor i gaffelen. Først når heveporten går ned er det behov for manuelt arbeid frå mannskapet,som trygt løyser framre del av trålen frå sekken og koplar frelsaren frå enden av sekken til gilsevaieren som går over A-ramma. Gaffelen blir senka nedover slippen, som tvingar trålringen inn mot seg.
A-ramma løfter så i trålposen som leier fangsten framover mot inntak, slik at ein får eit jamt tilsig av fangsten direkte inn i mottakstankane.
Ventilen blir opna og fangsten blir ført inn. Her blir fangsten halden levande i vatn fram til bearbeiding med kjend brønnbåtteknologi, noko som gir høgre produktkvalitet.
Med ei slik skånsam handtering unngår ein at fangsten blir klemd over akterrampen, eller får fallskadar.

Sikkerheit for mannskapet

Når sekken er tømd, blir ventilen stengd og gaffelen vandrar tilbake oppover slippen.
Utan krefter i trålen er det trygt for mannskapet å bevege seg til gaffelen for å feste saman trålen igjen og løyse trålringen frå gaffelen.

Jamn flyt inn i fabrikken

Det blir lettare å handtere større variasjon i mottak av fangst og likevel få jamn flyt i fabrikken. Dermed blir fartøyet sin kapasitet betre utnytta.

Prisvinnande

ECOFIVE markerer eit skifte som kan gjere heile fiskeflåten grønare. ECOFIVE-trålaren er utvikla av Bluewild og Ulstein Design & Solutions og vert realisert saman med mange andre bedrifter i den maritime klynga. Trålaren fekk Innovasjonsprisen på Nor-Fishing-messa i 2022, og vart kåra til Årets Skip på Nor-Shipping-messa i 2023. ECOFIVE er under bygging ved Westcon.

Ta kontakt

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Relaterte nyheiter

FX101 Bluewild2 Jan22 Sea SB Aft2
Artikkel

ECOFIVE for meir berekraftig fiske

ECOFIVE er eit konsept for fiskebåtar der målet er å utnytte 100 prosent av fangsten, minimere kvalitetstap under handtering av fangsten for å auke næringsutnyttinga og å redusere energiforbruket vesentleg. Bluewild sin neste fabrikktrålar vil vere den første ECOFIVE-fiskebåten, med mellom anna ein nyutvikla metode for å ta om bord fangsten.

ULSTEIN FX101 ECOFIVE trawler Bluewild Westcon Ulstein Design and Solutions
Pressemelding

ECOFIVE-trålaren vart 'Årets Skip 2023'

Den 6. juni 2023 fekk Bluewild, Ulstein Design & Solutions og Westcon utmerkinga 'Årets Skip 2023' for fabrikktrålaren ECOFIVE. Grunngjevinga er at skipet byr på banebrytande teknologi med fleire nyvinningar som samla gjer fiskeflåten grønare.

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Sales Manager

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS