ULSTEIN FX101 ECOFIVE trawler Bluewild Westcon Ulstein Design and Solutions

ECOFIVE-trålaren vart 'Årets Skip 2023'

Den 6. juni 2023 fekk Bluewild, Ulstein Design & Solutions og Westcon utmerkinga 'Årets Skip 2023' for fabrikktrålaren ECOFIVE. Grunngjevinga er at skipet byr på banebrytande teknologi med fleire nyvinningar som samla gjer fiskeflåten grønare.

Publisert
06 juni 2023
Del

Det er første gong ein fiskebåt har vorte tildelt denne prisen. På tildelingsseremonien under Nor-Shipping-messa las fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran opp vinnaren med HKH kronprins Haakon til stades. Gustav Erik Blaalid, styreleiar i Skipsrevyen las opp grunngjevinga frå juryen:
 

JURYEN SI GRUNNGJEVING FOR TILDELING AV SHIP OF THE YEAR 2023:

"Årets 'Ship of the Year' går til eit fartøy som byr på revolusjonerande teknologi.

REDUSERTE UTSLEPP

Fartøyet er utstyrt med eit hybrid framdriftssystem der batterisystemet har ein kapasitet på 1130 kWt. I tillegg til ei rekke energieffektiviserande tiltak vil dette samla gi minst 25 prosent reduksjon i drivstofforbruk og utslepp samanlikna med eit tilsvarande moderne fartøy av denne typen. Innsparingane kan ved nokre operasjonar kome opp i 40 prosent.

Det største enkeltområdet for energieffektivisering er at dette fartøyet er utstyrt med rordyser på eit to-propellars framdriftsanlegg. Berre med dette ligg energireduksjonen på 15 prosent samanlikna med konvensjonelle fartøy av same type, saman med elektriske vinsjar, varmegjenvinning, og ei rekkje andre energieffektiviserande tiltak.

TEKNOLOGI

Fangstteknologien skal ta vare på råstoffet frå fangst til ferdigprosessert vare.

  • Skånsam tråling og ombordtaking der fangsten blir tatt inn under vasslinja
  • Levandelagring av fangsten i vasstankar i mottaket
  • Prosessering av fleire produkt
  • Jamn fabrikkutnytting
  • CO2 som kuldemedium som gir lågare temperatur ved innfrysing og betre kvalitet
  • Alt restråstoff vert tatt vare på

Her har reiarlaget og designarane mellom anna henta teknologi frå brønnbåt og landanlegg og smelta dette saman i ein komplett designpakke for ombordproduksjon.

OVERFØRINGSEVNE

Årets vinnar er ECOFIVE, og namnet kjem av arbeidstittelen på prosjektet, 'Eco-friendly-fishing-vessel. Det er eit miljøvennleg fartøykonsept der mange element lett kan nyttast på andre fartøy og dermed gjere fiskeflåten grønare. Ikkje minst er dette eit stort skritt i ei meir ressursvennleg retning, i ei tid då berekraftig hausting frå havet vil komma endå meir i fokus i framtida".

---

JURYEN SIN SAMANSETNAD
 

Det er magasinet Skipsrevyen som deler ut prisen, og juryen har vore samansett av Gustav Erik Blaalid, styreleiar i Skipsrevyen, Sverre Steen, Instituttleiar ved Institutt for Marin Teknikk ved NTNU i Trondheim, og Hans Jørgen Rambech, seniorrådgjevar ved Sintef Ocean i Trondheim.

FAKTA OM ECOFIVE:

  • Skipet skal fiske etter kvitfisk og reker
  • Reiarlag: Bluewild AS
  • Designa av Ulstein Design & Solutions AS
  • Vert bygd av Westcon Yards

Fabrikktrålaren er 73,2 meter lang, har eit lasterom på om lag 2000 kubikkmeter og er utrusta med trippeltrål og pelagisk trål.

Utstyrsleverandørane er i all hovudsak frå den norske maritime klynga.

Ta kontakt

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Beskrivelse
Sales Manager
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Relaterte nyheiter

Bluewild fishing vessel catch reception
Artikkel

Fangstløysinga i ECOFIVE forklart

Trålfiske har alltid bydd på nokre utfordringar. ECOFIVE-løysinga frå Bluewild er ei ambisiøs satsing som vil halde kvaliteten på fangsten høg, og som vert realisert i ein fabrikktrålar utvikla av Ulstein Design & Solutions saman med rederiet. Ein forklarande animasjonsfilm i denne artikkelen forklarar fangstløysinga.

Rolf Petter Almli DSC5166 comp bw

Rolf Petter Almli

Sales Manager

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS