Steel cutting yno 322 JP Morgan 6 cropped

Oppstart for Ulstein Verft sitt bygg nummer 322: Brennestart for nytt havvindfartøy

Startar på reisa frå teiknebrettet til verkelegheit: Torsdag 16. mai 2024 vart det arrangert brennestartsseremoni ved skrogverftet Crist for Ulstein Verft sitt byggnummer 322. CSOV-skipet er basert på ein TWIN X-STERN-plattform og er designa av Ulstein Design & Solutions AS. 

Kontraktane på bygging av to nye havvindserviceskip (Commissioning Service Operation Vessels = CSOV) vart kunngjort i januar 2024. Kontraktane vart signerte av Ulstein Verft og JP Morgan Asset Management, sistnemnte på vegne av institusjonelle investorar, og inkluderer to opsjonar. 

Steel cutting yno 322 JP Morgan 2

Hybride kraftløysingar

Dei 89,6 meter lange skipa er basert på designplattforma ULSTEIN SX222 og tilpassa kunden sine behov, inkludert enkeltlugarar for 110 personar og total innreiing for 132 personar. Skipa vil bli utstyrte med hybrid batteriframdrift og vere førebudde for grønt metanol som vil mogleggjere karbonnøytrale operasjonar. 

Med ei sentralt plassert, rørslekompensert gangbru og heistårn for personell- og lastoverføringar, ei 3D-kompensert kran med 5-tonns løftekapasitet, og optimalisert logistikk med stor lagringskapasitet vil skipet vere klart for eit stort spekter av operasjonar. Det kan jobbe innan offshoreenergiområdet både på drift, vedlikehald og konstruksjonsstøtte. Skrogdesignet fører til framifrå sjøeigenskapar i utfordrande vêr- og bølgjeforhold.

  • Steel cutting yno 322 JP Morgan 1
  • Steel cutting yno 322 JP Morgan 3
  • Steel cutting yno 322 JP Morgan 6
  • Steel cutting yno 322 JP Morgan 4
  • Steel cutting yno 322 JP Morgan 5

Ta kontakt

Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Beskrivelse
Sales Manager Newbuild
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

Konseptdesign ULSTEIN THOR
Artikkel

Stor interesse for det Thorium-drivne fartøykonseptet ULSTEIN THOR

Etter lanseringa av skipskonseptet i april 2022, har marknaden vist ei enorm interesse for potensialet og kapasiteten til den Thorium-drivne ULSTEIN THOR. I ein polarcruisesamanheng kan ULSTEIN THOR åleine generere over 50 GWh energi i ein 150-dagars cruisekampanje. Det sparer meir enn 32 000 tonn i CO2-utslepp og vil kunne føre til ein betydeleg reduksjon av miljøavtrykket.

Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Sales Manager Newbuild

Tilknytning
Ulstein Verft AS