Kontraktane for bygging av to nye havvindserviceskip (Commissioning Service Operation Vessels = CSOV) vart kunngjort i januar 2024, og inngått mellom Ulstein Verft og JP Morgan Asset Management, sistnemnde på vegne av institusjonelle investorar. To opsjonar er også inkludert.
Frå konsept til verkelegheit
Dei 89,6 meter lange skipa er basert på designplattforma ULSTEIN SX222 og tilpassa kunden sine behov, inkludert enkeltlugarar for 110 personar og total innreiing for 132 personar. Skipa vil bli utstyrte med hybrid batteriframdrift og vere førebudde for grønt metanol, noko som mogleggjer karbonnøytrale operasjonar.
Med ei sentralt plassert, rørslekompensert gangbru og heistårn for personell- og lastoverføringar, ei 3D-kompensert kran med 5-tonns løftekapasitet, og optimalisert logistikk med stor lagringskapasitet vil skipet vere klart for eit breitt spekter av operasjonar. Det kan jobbe innan offshoreenergiområdet både på drift, vedlikehald og konstruksjonsstøtte. Skrogdesignet fører til framifrå sjøeigenskapar i utfordrande vêr- og bølgjeforhold.
TWIN X-STERN
I september 2024 vart TWIN X-STERN, med hovudpropellar plassert i kvar ende, éin av nyvinningane som gjorde at Ulstein fekk prisen 'Årets Maritime Innovasjon'. Juryen omtalte løysinga som ‘firehjulsdrift på sjøen,’ og framheva den framtidsretta løysinga.
Søsterskip
Produksjonsoppstarten til det første av desse skipa vart markert 16. mai 2024.