Kontraktane på bygging av to nye havvindserviceskip (Commissioning Service Operation Vessels = CSOV) vart kunngjort i januar 2024. Kontraktane vart signerte av Ulstein Verft og JP Morgan Asset Management, sistnemnte på vegne av institusjonelle investorar, og inkluderer to opsjonar.
Hybride kraftløysingar
Dei 89,6 meter lange skipa er basert på designplattforma ULSTEIN SX222 og tilpassa kunden sine behov, inkludert enkeltlugarar for 110 personar og total innreiing for 132 personar. Skipa vil bli utstyrte med hybrid batteriframdrift og vere førebudde for grønt metanol som vil mogleggjere karbonnøytrale operasjonar.
Med ei sentralt plassert, rørslekompensert gangbru og heistårn for personell- og lastoverføringar, ei 3D-kompensert kran med 5-tonns løftekapasitet, og optimalisert logistikk med stor lagringskapasitet vil skipet vere klart for eit stort spekter av operasjonar. Det kan jobbe innan offshoreenergiområdet både på drift, vedlikehald og konstruksjonsstøtte. Skrogdesignet fører til framifrå sjøeigenskapar i utfordrande vêr- og bølgjeforhold.