Konseptet ULSTEIN THOR vart stemt fram av ein jury som var samansett av journalistar og rådgjevarar frå maritim industri. Prisane som vert delt ut på Electric & Hybrid Marine anerkjenner dei nyaste framstega og utviklingane i bransjen.
INNOVERE, ENGASJERE OG AVANSERE
Ulstein sin sjefsdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg uttrykte takksemd for anerkjenninga av Ulstein då han tok i mot prisen.
- Verdiane våre er å innovere, engasjere og avansere. Denne prisen viser at vi lever opp til desse verdiane og viser viktigheita av å tenke langsiktige løysingar. Vi kan bidra til å redusere miljøpåverknaden på dagens marine operasjonar, men vi må også kome fram til ei meir permanent og effektiv løysing. ULSTEIN THOR er den løysinga vi trur på for å kunne redefinere heile tilnærminga til nullutsleppsoperasjonar. Eg vil gjerne takke dommarpanelet og det utrulege talentet som ligg i Ulstein-teamet.
THOR-konseptet er nøkkelen til å kunne gjere nullutsleppsoperasjonar mogleg. Dette er eitt av aspekta som har forsterka interessa i marknaden for dette konseptet, som umiddelbart blei identifisert som mykje meir enn eit frittstående fartøyskonsept. På tidspunktet for lanseringa presenterte Ulstein ideen som ein måte å lade eit heilelektrisk cruiseskipskonsept, som eit eksempel på den kommersielle bruken. Potensialet strekker seg imidlertid langt ut over cruisesegmentet.
NULLUTSLEPP, FORSKING, PÅFYLLING, REDNING, NAUDSTRAUMFORSYNING...
- Potensialet til ULSTEIN THOR kan nyttast i ei rekke applikasjonar og operasjonar. I tillegg til nullutslepp og kraftpåfyll, forskings- og redningsfunksjonaliteten, kan fartøyet sin reaktorbli brukt som ei naudstraumforsyning for regionar som er ramma av naturkatastrofar, epidemiar eller konflikter, seier Kamsvåg.
- Krafta som THOR kan levere, kan bli brukt som ein del av samfunnet sin fornybare energimiks og kompensere for varierande kraftforsyning, til dømes frå havvindparkar, ved å støtte straumnettet. Den enorme kraftkapasiteten som er tilgjengeleg kan også bli nytta til å produsere alternativt drivstoff eller syntetisk brensel gjennom eit CO2-raffineri eller for levering av landstraum i hamner. Desse funksjonalitetane kjem i tillegg til alle dei ulike fartøystypane der THOR enten kan bli brukt til å lade opp heilelektriske skip eller der integrerte saltsmeltereaktorar kan bli plassert i skip som den primære kraftkjelda. I realiteten snakkar vi om all skipsaktivitet som går føre seg på ope hav.