'Tulpar' in the Caspian Sea.

Tulpar

Ulstein Verft bygde den kombinerte isbrytaren, forsyningsfartøyet og beredskapsfartøyet for svært grunt vatn på 10 månader for BUE Marine i 2002. Skipsreiaren valde Ulstein Verft fordi ingen andre verft hadde kompetansen til å byggja eit så avansert skip innanfor deira svært stramme tidsramme.

Bygd av
Ulstein Verft AS
År
2002
Verftsnummer
268
IMO-nummer

Primære spesifikasjoner som bygget

Length
94.8 m
Beam
21 m
Dead weight
2880 tonnes
Draught
2.5 m
Speed
13 kn
Accomodation
20 people
Deck area
560 sqm

Tilleggsdata

Diesel oil
363 cbm
Potable water
152 cbm
Water ballast
1263 cbm
Mud / Brine
354 cbm
Merk: Spesifikasjonene kan ha endra seg sidan den opprinnelege ferdigstillelsesdatoen.
Klassifiseringer: DNV+1A1, SupplyVessel, SF, E0, Ice1A*F, FiFiI, DK(+), HL(+)

Ship history

 

Skipshistorie

Tulpar er ein kombinert isbrytar, forsyningsfartøy og standby-fartøy for svært grunne farvatn. Skipet har ein djupgang på berre 2,5 meter og kan ta ei dekkslast på 500 tonn. Det er ustyrt med fire uavhengige thrusterar for å kunne manøvrere i isen.

Skipet vart bygd på ti månader. Reiarlaget valde Ulstein Verft fordi dei ikkje kunne finne noko anna verft med kompetanse til å byggje eit slikt avansert skip innanfor dei svært tette tidsrammene. Det var veldig viktig at 'Tulpar' vart levert 16. september 2002 og ikkje éin dag seinare, fordi skipet var nøydd til å starte på reisa si frå nordvestkysten av Noreg til det Kaspiske Hav via elvar og kanalar frå St Petersburg før elvane tok til å fryse. Skipet vart levert to dagar før planen, den 14. september 2002.

Ved at skipet er 21 meter breitt, var der eit potensielt problem med å transportere skipet til det Kaspiske Hav, fordi kanalane berre er 16 meter breie. Løysinga var å montere på sideseksjonane og bruvingane etter at skipet kom fram til Astrakhan, og eit site team frå Ulstein Verft styrte det arbeidet.

Tulpar er eit sjeldsyn ved at det har mannleg gudmor. Det einaste andre fartøyet i Ulstein si skipsbyggingshistorie som kan skilte med noko tilsvarande, er bnr 11, Torulf.

Den dagen skipet gikk ut på sin første jobb, sendte administrerande direktør Carl Rolaston i BUE Marine Limited ein e-post til Ulstein Verft: - Takk til alle involverte for eit fantastisk fartøy som er levert med høg standard og med ein umogleg tidsplan.
 

2017: Framleis aktivt - IMO 9263083. Eieren er BUE Marine, Edinburgh, Storbritannia. Administrert av BUE Kazakhstan, Aktau, Kasakhstan. Flagg: Aktau, Kazahstan