Ulstein

Yno 1 - Elna

Selskapet startet i 1917 med reparasjoner og skipsforlengelser, og ble agent for Rapp-motorene, og opplevde mye arbeid i sine første år. Så kom tilbakegangen på 1930-tallet, etterfulgt av andre verdenskrig. Det eneste større arbeidet i denne perioden startet i 1944 med den fullstendige ombyggingen av 'Elna'.

År
1944

Ship history

Skipshistorie

Den oppbyggingsbolken som tok til kring 1930 fekk ein brå slutt då andre verdskrigen kom til Noreg våren 1940. All verksemd stogga brått, og ein kvar hadde nok med å orientere seg i det nye tilhøva, bryte jord og setje poteter. Etter kvart kom arbeidslivet i gong, og ein prøvde å gjere best mogleg ut av den stoda ein var i. Det var kontroll og restriksjonar på alle ting og dertil lite material å få av tre, jarn og stål. Det var for det meste vanleg vedlikehaldsarbeid som vart drive, då det var vanskeleg å få løyve til særleg nykostnad, likevel var tilgongen til arbeid god. Det kom for ein stor del av at dei fleste større verksemder i den bransjen som arbeidde med båtar og mekaniske arbeid, vart delvis overtekne og i alle høve kontrollerte av okkupasjonsmakta. Sjølv om det var ein del kontroll og stadige inspeksjonar slapp ein likevel å ta arbeid på kommando ved denne verksemda. Ho var vel etter deira syn for lita, og det kom vél med for fiske- og fraktflåten som trass alt måtte haldast ved like. 

Det einaste storarbeid ved verksemda i denne tida vart påbyrja hausten 1944. Brødrene Myrset frå Kristiansund hadde ei jakt som skulle ombyggast. Dei ville helst ha eit nytt fartøy, men det fekk dei ikkje løyve til, derimot kunne dei få reparere det gamle. Så tok ein til å rive og bygge, og til slutt vart det ein ny båt, det einaste som var att av det gamle, var nokre få spantekrokar midtskips. Når dette vert nemnt, er det for at 'Elna' var i grunnen byggenummer 1 frå Ulstein. Fartøyet var om lag 80 fot og vel forseggjort og utstyrt. 
(Saksa frå Ulstein mek sitt 40-års historieskriv, utgitt 1957).

Dei første 10 bygga ved Ulstein gjekk nok føre seg på same viset, som større ombyggingar, og det er først ved bnr 11, Torulf, at vi får det første verkelege nybygget frå Ulstein mek.