
Yno 1H - Hod
«Hod» var den første båten som vart bygd frå botnen av i Ulstein kommune, og eit banebrytande arbeid innan skipsbygging i dette distriktet. Fiskefartøyet «Hod» var byggjenummer 1 ved Hatlø Verksted (seinare Ulstein Hatlø), og vart bygget i 1936 for Peter Volle, Hans Haddal og Sverre Løseth.
- Lengde: 65' 1'' (19,8 m)
- Breidde: 17' 6'' (5,0 m)
- Brutto tonnasjee: 40 tonn
- Dødvekt: 41,86 tonn
- Fart: 8,7 knop
- Hovedmotor: Union
- Effekt: 60 Hk
- Skipstype: Motorkutter
Skipshistorie
B.nr. 1H - Byggeår 1937. Fiskebåt/motorkutter. Rederi: Peter Volle, Hans Haddal, Sverre Løseth. Bygd ved Hatlø Verksted. 'Hod' var den første båten som vart bygd frå grunnen av i Ulstein kommune, og ein kan såleis seie at dette var eit pionerarbeid når det gjeld skipsbygging i vårt distrikt.
Båten var konstruert av Leif Hatlø som då var driftsstyrar på Hatlø Verksted, og har ei interessant krigshistorie. Båten gjorde sine turar i kyst- og havfiske fram til han vart teken av ei gruppe politiske flyktningar som var på røming frå tyskarane og stakk ut frå Ulsteinvik med kurs for England kvelden 25. august 1941. Sidan har ingen sett han, truleg vart han bomba i senk av tyske patruljefly som gjekk langs kysten om lag 60 kvartmil av land. Av gruppa på om lag 20 personar vart berre liket av den eine av dei, ei kvinne, funne drivande i sjøen ved Løvsøya. Også Hod sitt registreringsnummer og nokre vrakrestar vart seinare funne, utan at dette kunne gi svar på kva som hadde hendt.

'Hod' på veg heim frå losjetur.
'Hod' returning home from an excursion.