
Yno 223 - Polarlys
Levert til Troms fylkes Dampskipsselskap i mars 1996. Verftet hadde levert fleire passasjerskip tidlegare, inkluderte kystpassasjerskipet «Midnatsol» for same reiarlag i 1982. «Polarlys» markerte likevel eit skifte mot eit meir luksuriøst og moderne cruisemarknad med høg standard og komfort.
Skipshistorie
Den 23. mars 1996 var det stort folkeoppmøte i Ulsteinvik, med dobbeltdåp av to hurtigruter ved kvart av dei to verfta i bygda. Medan sysselmannen på Svalbard, Ann Kristin Olsen, døypte hurtigruta Polarlys på Ulstein Verft, døypte dronning Sonja hurtigruta Nordkapp på Kværner Kleven. Då dei to hurtigrutene drog frå Ulsteinvik, vart dei følgde av ei eldre hurtigrute, Nordnorge, og ein armada med over 100 småbåtar. Det vert rekna med at om lag 7000 personar var til stades for å få med seg ein av dei to dåpane. Det vart deretter ei historisk trafikkork ut til Flø, der folk kunne sjå hurtigrutene for siste gong.
Bygginga av passasjerskip starta i Ulstein med ombygginga av M/S Romsdal tidleg i 1960-åra. Verftet bygde også eit anna hurtigruteskip, 'Midnatsol', i 1982. Likevel markerte 'Polarlys' eit skifte mot ein meir luksuriøs og moderne cruisemarknad med høg standard og komfort.
På folkemunne vart Polarlys etter kort tid omtalt som 'smykkeskrinet', som følgje av fargesamansetningar og utsmykking om bord. Nordiske helleristingsmotiv blei valde som gjennomgangstema i tekstilar og veggar, og passasjerareala vart utsmykte med over 100 kunstverk og dekorasjonar. Målet var å vise fram eit tverrsnitt av norsk samtidskunst.
2006: Troms Fylkes Dampskibsselskap (TFDS) blei slått saman med Ofoten og Vesteraalens Dampskibsselskab (OVDS) og danna Hurtigruten Group og seinare vart dette endra til Hurtigruten ASA
Februar 2016: Fosen Yard bygde om innreiinga. Dekk 4, 5, 6 og 7 og resepsjonsområdet på tredje dekk blei totalrenovert.
2017: Framleis aktiv - Eigar og drivarselskap: Hurtigruten, Tromsø, Noreg. Flagg: Norsk.
MAIN DIMENSIONS / HOVUDDIMENSJONAR
LOA approx 123,00 m
LPP 105,00 m
Breadth mld. 19,50 m
Draft design 4,70 m
Draft max. 4,90 m
PERFORMANCE
Speed service approx 18 knots
CAPACITY
Passengers (International voyage) 480
Day passengers (Short international voyage) 737
Cars - Approx 50
MACHINERY
Number of engines 4 x Ulstein Bergen
Engine output totally 11260 kW
Two off Aux. generators set 1550 kW each
Two off Shaft generators 1600 kW each
PROPULSION/MANOEUVRING
Two Main propellers 3600 kW each
One Stern hinged thruster 880 kW
Two Bow thrusters 600 kW each
IMO number: IMO 9107796
