Ulstein

Yno 26U - Poseidon

«Poseidon» vart levert i 1964 og var Stena Lines første passasjerskip. Dette var ei stor oppgåve for Ulstein mek. Verkstad. Det første planlagde oppdraget på skipet var å transportera Sovjetunionens kommunistiske partis førstesekretær, Nikita Khrusjtsjov, og familien hans frå Uddevalla til Gøteborg.

År
1964

Lengde: 65,50 m 
 

Breidde: 11,40 m 
 

Brutto tonnasje: 1363 tonn
 

Fart: 16,25 knop
 

Hovudmotor: Deutz Diesel 
 

Effekt: 2640 Hk
 

Skipstypee: Passasjerskip
 

Antal passasjerar: 600
 

Andre skipsnamn: "Poseidon IV", "Pearl Cruse II"

 

Skipshistorie

B.nr. 26U - Byggeår 1964. Rederi: Stena Line, Sverige. Bygd ved Ulstein mek. Verksted A/S. 
'Poseidon' var det første passasjerskipet til det kjente Stena-Line. Det var ein økonomisk dårleg kontrakt for UMV, men sett på som så viktig at ei teikning av båten vart rissa inn ved sidan av UMV-logoen på glasdøra inn til verftsadministrasjonen. Dåpsseremonien var ei storhending med stort publikumsframmøte. 
 

Det første planlagde oppdraget til skipet var å frakte Sovjetunionen sin statsminister Nikita Khrustsjov med familie frå Uddevalla til Göteborg på eit skjergardscruise. Dersom verftsarbeidarane greidde å få båten ferdig i tide, skulle dei få bonus. Det greidde dei, og bonusen var på mellom 300 og 500 kroner. Det vart likevel aldri noko av skjergardscruiset.
 

Alle teikningane til innreiingsskotta var teikna på smørpapir, og dette var originalane som arbeidarane måtte bygge etter.

1964: Nytt namn "Poseidon IV"
1965: Sett inn på linja Trelleborg - København
1966: Sett inn i ruta mellom Stockholm og Ålandsøyane
1972: Chartra av rederiet Brittany Ferries til linja Plymouth - Roscoff i Den engelske Kanal
1973: Seld til Holland
1974: Seld til Tyskland ved rederiet Seetouristik i Hamburg
1983 - 84: Ved årskiftet gjennomgikk 'Poseidon' ei stor ombygging ved eit verft i Tyskland
1986: Vart sett i fart mellom Vlissingen i Holland og Zeebrügge i Belgia
2000: (Jun) Fekk tilbake namnet "Poseidon"
2000: (Aug) Fekk tilbake namnet "Poseidon IV"
2003: Nytt namn "Pearl Cruse II"
2006: Solgt til opphugging i India - IMO 6412920