
Yno 40 - Hedinn
Internasjonaliseringa ved Ulstein Verft starta med bygging av fiskefartøy til Færøyane og Island. «Hedinn» vart levert i 1966, og var nyskapande ved at ho hadde kjølte lastetankar. Det var også det første fartøyet Ulstein designa og leverte thrusterar til.
Lengde: 42,06 m
Breidde: 8,60 m
Brutto tonnasje: 330 tonn
Fart: 13 knop
Hovedmotor: 800 Hk
Skipstype: Fiskebåt
Andre skipsnamn: "Hrafn GK", "Háberg GK", "Geirfugl"
Skipshistorie
B.nr. 40U - Byggeår 1966. Rederi: Br. Hreifi hf, Island. Bygd ved Ulstein mek. Verksted AS.
1971 Båten blei forlenga til 47,74 m
1975 Båten blei seld til Þorbjörn Fiskanes hf i Grinadavik
1977 Båten blei overbygd i Haugesund og fekk sett inn ein ny sidepropell akter. Den opphavlege baugpropellen som Ulstein monterte, blei oppgradert frå 120 Hk til 250 Hk
1980 Båten fekk ny Caterpillar hovudmotor på 1141 Hk og montert ny bro
1986 Båten blei seld til Fiskimjöl og Lysi hf i Grindavik og fekk namnet "Háberg"
1999 Båten blei igjen seld til Þorbjørn Fiskanes hf og fekk namnet "Geirfugl"
2001 Båten har framleis same innreiing, bysse og lugarar, og same baugpropell som då båten vart bygd.
2004 Eigar er fortsatt Þorbjørn Fiskanes hf
2023: Still active - IMO 251243110
Internasjonaliseringa ved Ulstein starta ved at verf
tet tok til å bygge linebåtar for Færøyane og seinare snurpebåtar og trålarar til Island. Ulstein designa sine første thrusterar til 'Hedinn'. Fiskebåten var ei nyvinning ved at han også hadde kjølte lastetankar.
Ulstein mek. Verksted hadde produsert og vedlikehaldt propellar frå 1919. Dette var små propellar i samband med reparasjonsarbeid. Først på 1960-talet starta produksjon av større propellar. Ulstein Propeller starta opp i 1965 for å utvikle og selje nye propelltypar tilpassa Volvo-motorane. Produksjonsbreidda utvikla seg raskt.
Tidlegare konsernsjef Idar Ulstein fortel: - Eg var på Island og skulle forhandle om ein ny båtkontrakt. Vi fekk då kontrakt på fiskebåten Hedinn, og reiarlaget ville ha thrusterar. Islandske fiskebåtar hadde på det tidspunktet allereie fått introdusert thrusterar frå USA og Tyskland. Når reiarlaget spurde meg etter thrusterar sa eg at - ja, det kan vi levere! - men vi hadde ikkje produsert thrusterar tidlegare og hadde difor ikkje teikningar til å produsere dette. Så fòr eg heim og vi starta å designe thrusterar.
Thrusterar er ein spesiell type propell som blir nytta ved manøvrering. Dei kan vere innfelte i skroget, festa på ein dreibar sokkel under skroget, eller vere oppsvingbare. Med thrusterar kan store skip navigere i vanskelege farvatn, legge til kai utan slepebåtar, eller halde ein fast posisjon til havs med dynamisk posisjonering.