Windea Leibniz underway to Ulstein Verft for an upgrade

Ulstein Verft oppgraderer WINDEA Leibniz til utvida arbeid i havvind

SOV-skipet Windea Leibniz returnerer til Ulstein Verft for ei oppgradering. Verftet skal montere ein justerbar pidestall for gangbrua og auke talet enkeltlugarar for klientar. Det gjer at fartøyet kan ta på seg oppdrag i Østersjøen i tillegg til Nordsjøen, og det vil endre status til konstruksjons-SOV.

Publisert
31 oktober 2022
Del
  • Aftermarket assignments at Ulstein Verft with Windea Leibniz about to position quayside, photo Bernhard Schulte Offshore.
  • Windea Leibniz arrival Ulstein Verft
  • Windea Leibniz positioning quayside.
  • Windea Leibniz - SOV underway to become a CSOV.
  • Delivered in 2017, the Windea Leibniz appears brand new.

- Serviceoperasjonsskipet (SOV) blei levert av Ulstein Verft i 2017 og framstår som heilt nytt, som om det vart levert i går. Kvaliteten og finishen er eineståande. Dette er ein av grunnane til at vi vel å utføre oppgraderinga ved Ulstein Verft, seier administrerande direktør Matthias Müller i Bernhard Schulte Offshore.

- Etter ombygginga vil dette vere eitt av svært få fartøy som har 60 enkeltlugarar for klientar, mot dagens 40. Det betyr at vi kan ta inn fleire personar, slik at fartøyet kan operere som ein konstruksjons-SOV (CSOV).

- Ved å installere ein justerbar pidestall for Uptime-gangvegen kan fartøyet arbeide på alle påstigingshøgder (TP-høgder) i Nordsjøen, og det vil vere ein av få spesialbygde SOV-ar som kan arbeide i Østersjøen der TP-høgdene er lavare.

Windea Leibniz, an ULSTEIN design of the SX175 type.

- Windea Leibniz har vist seg å vere eit svært kapabelt fartøy heilt frå starten. - Det har gjort ein god jobb i fem år for Siemens Gamesa, og utført effektiv service ved havvindparkane Sandbank og DanTysk som ein del av deira servicekonsept. Etter dette har skipet gjennomført eit oppdrag i sommar for GE ved havvindparken Merkur Offshore. I det siste har skipet støtta installasjonen av kablane mellom turbinane i ein vindpark som er under bygging i Østersjøen, forklarar Müller.
 

Windea Leibniz kom Ulstein Verft 31. oktober 2022 og oppgraderinga er planlagt ferdigstilt i februar 2023. - Vi har høge forventingar til dette fartøyet, det er allereie eit førsteklasses skip med eit svært lavt drivstofforbruk i DP. No er vår intensjon å styrke den operasjonelle fleksibilitet til skipet endå meir, avsluttar Müller.

Ta kontakt

Martin Hansen DSC4357 comp bw

Martin Sundgot Hansen

Beskrivelse
Sales Manager Aftermarket
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Siste nytt

ULSTEIN Navy2025 Dec25 SB Duo
Artikkel

Ulstein-design for standardiserte sjømilitære fartøy

Med over 100 års erfaring innan skipsbygging er Ulstein ein sentral aktør i den norske maritime klynga, kjend for innovasjon innan skipsdesign og prosjektering av disse. Frå offshorefartøy som opererer i dei mest vêrharde havområda til ekspedisjonscruiseskip i polare strøk, har selskapet vist evne til å levere avanserte og pålitelege plattformer. Denne erfaringa er grunnlaget når Ulstein no utviklar konsept for standardiserte sjømilitære fartøy til Sjøforsvaret. Skipa skal dekke marinen sitt behov for avanserte, pålitelege og effektive fartøyplattformer. 

Sjøforsvaret
N Xyyy Navy v3 Nov25 Sea Mil Ops Interceptor SB Aft Low
Pressemelding

Verftssamarbeid for å realisere Sjøforsvarets standardiserte sjømilitære fartøy

Sjøforsvaret har ambisjon om å anskaffe serieproduserte, standardiserte sjømilitære fartøy. Dette stiller krav til skip som er allsidige, robuste og framtidsretta, men likevel kostnadseffektive å bygge. Få verft i Noreg kan møte denne utfordringa. Saman har Larsnes Mek. Verksted (Larsnes) og Ulstein Group (Ulstein) lang erfaring og gode referansar med design, bygging og vedlikehald av fartøy, og samarbeider for å tilby ei løysing som sikrar effektiv produksjon av sjømilitære fartøy.  

Sjøforsvaret