Olympic Arrival yno 318 CSOV Ulstein Verft photo Uavpic

Ulstein Verft tek til på utrustinga av Olympic sin første TWIN X-STERN CSOV

Skroget til byggnummer 318, det første av to konstruksjonsstøttefartøy (CSOV) for Olympic, kom fram til Ulstein Verft 12. januar 2024. Skroget skal no posisjonerast i dokkhallen før utrustingsarbeidet tek til.

Arbeidsoppgåver framover

- I månadene framover vil det bli utført generelt utrustingsarbeid, som inkluderer innreiing, elektriske installasjonar, rørlegging og mekaniske installasjonar, for å nemne nokre. Fartøyet vil bli måla medan det ligg i det kontrollerte klimaet i dokkhallen. Oppstart og testing vil bli utført i dei siste månadene av prosjektet, fortel prosjektleiar Helge Torvik ved Ulstein Verft.

  • 20240112 130920223 i OS
  • DJI 0859 Copy
  • SX222 Olympic v2 July22 Sea PS Fore web
  • Olympic Arrival yno 318 CSOV Ulstein Verft photo Uavpic

Vi ser fram til å kunne realisere dette toppmoderne havvindservicefartøyet, som tydeleg viser at vi forpliktar oss når det gjeld ny teknologi og berekraftige operasjonar

Marius Bergseth
COO i Olympic

Groundbreaking, "4-wheel-drive system"

- Vi er glade for at utrustinga no tek til på Ulstein Verft for det banebrytande TWIN X-STERN CSOV-skipet vårt. Vi har eit dedikert personell på staden som kjem til å jobbe tett med Ulstein sitt team fram til ferdigstilling, seier Marius Bergseth, COO i Olympic.  

Han understrekar vidare at '4-hjulsdrifta' i designet er ein av mange nyvinningar som bidreg til å redusere drivstofforbruket vesentleg ved dynamisk posisjonering, som er ein av dei viktigaste funksjonane til skipet, og dermed er viktig for driftseffektiviteten.

- Når vi ser på miljø og berekraft, så er fartøya ikkje berre førebudde for metanol som drivstoff, men dei har også fleksibiliteten til ekstra batterikapasitet, noko som dreg oss i retning av ei grønare og meir utsleppsbevisst maritim framtid og gjer dette fartøyet fullt kompatibelt for å møte forpliktingane i Paris-avtalen. Vi ser fram til leveringa av fartøyet sommaren 2024, understrekar han.

Om fartøya

Kontrakten mellom Olympic og Ulstein vart signert i 2022 og inkluderer bygging av to CSOV-ar ved Ulstein Verft. Skroga vert bygde ved Crist-verftet i Polen. Fartøya har dieselelektrisk framdrift med variabelt turtal i kombinasjon med store batterisystem. Ulstein Power & Control har fått kontrakt på å levere ein omfattande kraft- og automasjonspakke, inkludert ein stor batterileveranse.

Fartøya er baserte på ULSTEIN SX222-designet frå Ulstein Design & Solutions AS. Dei har ei lengd på 89,6 meter og ei breidd på 19,2 meter og har plass til 126 personar fordelte på 91 lugarar.

- Fartøya er førebudde for metanol som drivstoff for å bidra til utsleppsnøytralitet. I tillegg er der god plass til ekstra batteri, som gjer det mogleg med potensiell full-elektrisk lading, seier Bergseth.

Skrogforma og det hybride framdriftssystemet vil sikre høge operasjonelle ytingar, gode sjøeigenskapar og redusert avtrykk.

Om selskapa

Fosnavågreiarlaget Olympic har ein flåte som opererer i marknaden for subseaservice og fornybar energi. Ulstein Group er ei gruppe maritime selskap med hovudkontor i Ulsteinvik.

Ta kontakt

Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Beskrivelse
Sales Manager Newbuild
Tilknytning
Ulstein Verft AS
Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Beskrivelse
Commercial Director
Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS

Siste nytt

Gunvor Ulstein photo Marius Beck Dahle
Pressemelding

Gunvor Ulstein utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group

I november 2023 kom den tidlegare konsernsjefen i Ulstein Group, Gunvor Ulstein, tilbake som konstituert konsernsjef. I eit styremøte i Ulstein Group den 25. januar 2024 vart ho utnemnd som konsernsjef i Ulstein Group.

Steel cut cermony Nexans nb 317
Pressemelding

Brennestart for Nexans sin neste CLV

Den 19. januar 2024, på dagen fire månader etter at skipsbyggingskontrakten vart signert, kunne Nexans Marine Operations AS og Ulstein Verft feire oppstarten på bygginga av Nexans sitt neste kabelleggingsfartøy. Til stades på brennestartsseremonien ved skrogverftet Crist var representantar frå Nexans, Ulstein Verft, DNV og Crist. 

Kolbjørn Moldskred DSC4422 comp bw

Kolbjørn Moldskred

Sales Manager Newbuild

Tilknytning
Ulstein Verft AS
Lars Ståle Skoge DSC4468 comp bw

Lars Ståle Skoge

Commercial Director

Tilknytning
Ulstein Design & Solutions AS