Ulstein Olympic Utdocking web 3

Sjøsetting av første CSOV-skip til Olympic

Laurdag 6. april vart konstruksjonsstøttefartøyet (CSOV) Olympic Boreas dokka ut frå dokkhallen ved Ulstein Verft. Skipet er basert på den nye TWIN X-STERN-løysinga - sjøens svar på 'firhjulsdrift', i følgje reiarlaget.

  • Ulstein Olympic Utdocking web 0518
  • Ulstein Olympic Utdocking web 0435
  • Ulstein Olympic Utdocking web
  • Ulstein Olympic Utdocking web 0499
  • Ulstein Olympic Utdocking web 0123
  • Ulstein Olympic Utdocking web 0156
  • Ulstein Olympic Utdocking web 3
  • Ulstein Olympic Utdocking web 4
  • Ulstein Olympic Utdocking web 2

The Olympic Boreas er byggnummer 318 og det første av to søsterskip for Olympic. Som CSOV-skip skal skipa yte støtte til konstruksjonsprosjekt og utføre serviceoppdrag innan offshoreenergi.

Representantar frå reiarlaget og skipsverftet var til stades på utdokkinga for å sjå når skipet kom glidande ut frå dokkhallen.

- Det var flott å sjå på sjøsettinga av Olympic Boreas. Den framifrå kvaliteten på skipsbyggingsarbeidet som Ulstein har vist gjennom byggeprosessen er imponerande. Vi ser fram til å overta dette toppmoderne CSOV-fartøyet når det er ferdigstilt til sommaren. Skipet er utstyrt med det nyaste av teknologi som kan mogleggjere berekraftige operasjonar, fortel VP Commercial / Renewables Frode Andreassen i Olympic.

Ulstein Olympic Utdocking web 0499

Prosjektstatus

- Utrustingsarbeidet, som femner om innreiing, elektriske installasjonar, rørarbeid og mekaniske installasjonar er godt i gang. Utvendig malingsarbeid vart ferdigstilt medan skipet oppheldt seg i kontrollerte omgjevnader inne i dokkhallen. Vi har også kome i gong med oppstartsstadiet i prosjektet, fortel prosjektleiar Helge Torvik i Ulstein Verft.

Om fartøya

Kontrakten mellom Olympic og Ulstein vart signert i 2022 og inneber bygging av to CSOV-skip ved Ulstein Verft. Skroga vert bygde ved Crist-verftet i Polen. Fartøya har dieselelektrisk framdrift med variabelt turtal i kombinasjon med store batterisystem. Ulstein Power & Control skal levere ein omfattande kraft- og automasjonspakke, inkludert ein stor batterileveranse til skipa.

Fartøya er baserte på ULSTEIN SX222-designet frå Ulstein Design & Solutions AS. Dei har ei lengd på 89,6 meter og ei breidd på 19,2 meter og har plass til 126 personar fordelte på 91 utvendige lugarar med dagslys.

Skrogforma og det hybride framdriftssystemet vil sikre høge operasjonelle ytingar, gode sjøeigenskapar og redusert avtrykk.

Om selskapa

Fosnavågreiarlaget Olympic har ein flåte som opererer i marknaden for subseaservice og fornybar energi. Ulstein Group er ei gruppe maritime selskap med hovudkontor i Ulsteinvik.

Ulstein Olympic Utdocking web 3

Ta kontakt

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Beskrivelse
Managing Director
Tilknytning
Ulstein Verft AS

Relaterte nyheiter

Lars L Olsen DSC4221 compbw

Lars Lühr Olsen

Managing Director

Tilknytning
Ulstein Verft AS